• Eg håpar på det beste for mannen min, og at han framleis kan vere i live. Eg håpar på eit mirakel, seier filippinske Rigel Luna Dingcong.

Ho er kona til den sakna overstyrmannen Romulus Dingcong på «Rocknes», og ein av dei 30 pårørande som i dag har sett havaristaden og det havarerte skipet. Saman med Rancho Villavicencio, ein nær venn av familien, møtte ho i kveld eit samla norsk pressekorps og filippinsk media som representantar for dei pårørande.

— Han elska meg

På pressekonferanse gav Rigel Luna uttrykk for at det hadde vore ein smertefull dag.

— Eg har vanskeleg for å forklare korleis det kjennest. Det er så trist og deprimerande, seier ho.

Rigel Luna såg mannen sist 15. november i fjor. Då var ho med til flyplassen då ektemannen skulle mønstre på «Rocknes».

— Same dagen som skipet gjekk ned, fekk eg ei tekstmelding frå mannen min. Der skreiv han at han elska meg og sakna meg. Eg har den tekstmeldinga framleis inne på mobiltelefonen.

Skulle heim til bursdag

Ekteparet har ein son på seks år. Mannen skulle etter planen komme heim til gutens sjuårsdag til våren.

Den filippinske kvinna har ikkje sett ektemannen sidan 15. november. Sjølv om dei siste dagane har vore vonde, trur Dingcong at ho skal klare seg.

— Gud vil ikkje svikte oss. Vi må fortsetje å leve til tross for dette. Eg har ein jobb og eg har ein sønn. Eg trur eg skal overleve, fortalte ho.

Mange lever i vonet

Informasjonsrådgivar Per Inge Hjertaker i Jebsen Management fortel at mange av dei pårørande framleis lever i vonet.

— Dei ser eit skip opp ned. Det er kaldt. Kanskje har dei ikkje sett snø før. Likevel er det håp. Det er sterkt å oppleve. Ved hjelp av krisepsykologar får dei hjelp til å akseptere det som er skjedd. Sakte, men sikkert, går det opp for dei at det ikkje er noko vei tilbake, seier han.

Også styreleiar i Jebsen Management, Atle Jebsen, vedgår at det er sterkt å møte dei som har mista nær familie i ulykka. Han fortel at mange har spurt han om korleis ulykka kunne skje.

— Eg svarar at det jo ikkje skulle kunne skje, men det er skjedd. For meg er det også heilt uverkeleg, sier han.

LIVET GÅR VIDARE: - Gud vil ikkje svikte oss. Vi må fortsetje å leve til tross for dette. Eg har ein jobb og eg har ein sønn. Eg trur eg skal overleve, fortalte Rigel Luna Dingcong i kveld.
JAN M. LILLEBØ
SORG: Reaksjonane var sterke under dagens gripande seremoni i Vatlestraumen. Sorga stod å lese i ansikta til filippinarane. Foto: SCANPIX