Ein 11 år gammal gut leikar i ein ballbinge. Det er hans siste dag av sommarferien på Austlandet. Guten triksar, leikar at han driblar ein motspelar, dunkar ein ball i nettet. Brått blir barnet forstyrra i det sorglause spelet med ball. Ein mann tek kontakt. Han har mista ein lapp med eit telefonnummer, eit svært viktig telefonnummer. Han hadde lappen nett i stad, han må ha forsvunne i nærleiken. Kanskje guten vil hjelpe med å leite?

Dei to går rundt i området, ser på bakken etter den vesle lappen som skal ha blitt borte. Mannen tek seg god tid og pratar med guten. Sakte byggjer han opp tillit. Til slutt kjem det. Kanskje lappen ligg i ein av lommene hans? Men han har så store hender, og så tronge bukselommer. Så det er vanskeleg for den store mannen å få nevane ned i dei. Kanskje guten vil hjelpe med å leite i lommene?

Sette ord på det

— Når han kjem dit, er det stopp i historia. Han greier ikkje snakke om det som kom etter, fortel mor til den 11 år gamle bergensguten.

Kva som eksakt skjedde etter at guten stakk hendene ned i lommene til Lommemannen, veit ikkje foreldra. Anna enn at guten til slutt kom seg derifrå.

— Men vi har skjønt at det gjekk ganske mange minutt før han slapp unna.

11-åringen blei livredd, og fortalde straks om det som hadde hendt. Faren kontakta det lokale politiet, berre for å få til svar at det ikkje var vits i å avhøyre guten.

Vel heime att fekk guten kjempereaksjonar. Han tok til å grine ukontrollert, men ville ikkje snakke om kvifor. Ein gong var det så ille at mora kontakta barnevernsvakta, som kom på akuttbesøk.

— Eg fortalde om det som hadde hendt, og at eg tenkte at det kunne ha samanheng med episoden han var utsett for i ferien. Dei brukte andre ord. Det var ikkje ein episode. Han var offer for eit seksuelt overgrep. Først då gjekk det opp for meg kor alvorleg dette var.

Skuldkjensle

I eitt år etterpå gjekk 11-åringen til psykolog ein gong i veka. No har han slutta.

— Han orkar framleis ikkje prate om det. Eg trur det er verre for gutar å bli misbrukte. Dei har vanskelegare for å snakke om det enn jenter. Fagfolka vi har hatt kontakt med, har sagt at det burde vore gripe tak i det som skjedde straks.

Mor fortel om ein gut som har fått dårleg sjølvtillit. Guten som alltid har greidd seg godt på skulen, har det siste året ikkje hatt like lett for å lære.

— Han er blitt tyngre. Han er vanskelegare å glede, seier mor.

Det verste er kanskje likevel skuldkjensla han slit med.

— Ofte seier han: Tenk om eg hadde gjort noko anna, kanskje hadde han då ikkje gjort det mot andre?

Etterforskingsgruppa som jagar Lommemannen, har ikkje oversyn over kor mange gutar som har hatt behov for profesjonell hjelp for å takle depresjonar og traume i etterkant av overgrepa.

— Det ser så langt ut til at det har gått bra med dei fleste. Men vi kjenner til fleire som har fått traume direkte relatert til hendinga, fortel politiførstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor. Han arbeider no på heiltid med vestlandsbiten av den omfattande overgrepssaka.

— Kor mange slike tilfelle er kjent for politiet?

— Vi snakkar i alle fall om meir enn eit titals ungar som har vore eller er i kontakt med hjelpeapparatet.

Redde for å bade

Etterforskarane har registrert ungar med svært ulike grader av etterverknader. Nokre kvir seg for å gå ut og leike, andre nektar å bade eller fryktar for å bli kidnappa. Dei som har det tyngst, har utvikla alvorlege psykiske lidingar. På den andre sida finst det ungar som nesten ikkje har skjønt kva dei har vore med på.

— Gutar som er blitt utsette for overgrep på stader der sjansen har vore liten for at vaksne kunne kome til hjelp, har fått det verst. Dei er blitt lurte inn i ein situasjon der dei skulle gjere ei god gjerning gjennom å hjelpe eit anna menneske. Så endar det med at dei blir misbrukte. Det er ein situasjon som kan vere vanskeleg nok å takle sjølv for vaksne, seier politietterforskar Inger-Lise Fossnes i Follo. Det er dette politidistriktet som leiar etterforskinga.

Den siste tida har dei fått fleire e-postar frå gutar som blei misbrukte av Lommemannen i hans første aktive fase, åra frå 2000 til 2003.

— Vi skulle gjerne visst korleis det gjekk med desse barna. Ikkje minst i forhold til mediedekninga vi har fått no. Eg trur den kan rive opp gamle sår. Men skal vi greie å pågripe han, har vi ikkje mykje anna val, seier Fossnes.

Inderleg hat

I Bergen sit ei kvinne med eit djupt og inderleg hat til Lommemannen, men som også er skuffa over mottakinga dei fekk av politiet.

— Politiet på staden der overgrepet skjedde, la saka i ei skuffe. Men då det tok til å rulle i media, tok dei kontakt. Då ville dei vere med, fortel mora.

Først for ein månad sidan var sonen gjennom dommaravhøyr.

— Han blei teken på alvor, dei høyrde på han. Han fekk stadfestinga han skulle fått for eitt år sidan. Det var godt for han.

Ho oppmodar alle som kan ha opplysningar om Lommemannen om å kontakte etterforskingsgruppa.

— Eg blir rasande når eg tenkjer på det. For min gut øydela dette så mykje.

Silje Katrine Robinson