Sidan ei handfull bønder i Flåm tidlegare i sommar stilte opp rundballar med påskrifta «No cruise ships», har den vesle bygda blitt ståande som eit symbol på konflikten mellom cruisenæringa og dei som meiner det har blitt for mykje av det gode.

Mellom dei som har markert motstand mot turiststraumen er Torstein Fretheim. Utanfor eit hus han eig i bygda, har han sett opp eit skilt med påskrifta «No grandi navi» («Ingen store skip», på italiensk). Toppetasjen på huset har han leigd ut til Flåm Utvikling AS. Dei var ikkje einige i bodskapen han proklamerte, og sa opp leigekontrakten etter at Fretheim ikkje ville fjerne plakaten.

— Om det kjem ut at Flåm Utvikling leiger hos nokon som har slike skilt ute, så vil ikkje vi vere med på den karusellen, seier driftssjef i Flåm Utvikling, Alf-Sigurd Strømsnes.

Flåm Utvikling er ansvarleg for drift av mellom anna Flåmsbana og cruisehamna i bygda.

— Forsøkt knebla

Fretheim sjølv vil ikkje uttale seg om saka, men syner til eit brev han skreiv til selskapet 25. juli, med kopi til kommunen og Aurland Sparebank, som er deleigarar. Der skriv han at han er skuffa over at «eg blir forsøkt knebla for meiningane mine, og straffa når eg ikkje går med på det» - «alt i regi av eit selskap der både Aurland Kommune og Aurland Sparebank er eigarar».

Fretheim hevdar vidare at han hadde blitt oppmoda om å snakke med foreldra sine rundt middagsbordet, og «bruke det faktum at de har sagt opp leigeavtalen hjå meg, som eit døme på uheldige ringverknader». Far til Fretheim er ein av bøndene som har stilt opp rundballar med protestbodskap mot cruisenæringa.

— Eg opplever at eg blir straffa fordi eg er sonen til far min, skriv Fretheim i brevet.

- Held seg til sak

Samtalen hadde han med driftssjef i Flåm Utvikling, Alf-Sigurd Strømsnes. Han har ei anna oppfatting av nøyaktig kva som blei sagt.

— Eg sa du må gjerne ta diskusjonen opp heime, og det hadde vore spennande å ta dette med vidare. Eg bad ikkje han gjere det, men eg hadde ingen innvending om han valde å gjere det, seier Strømsnes om oppmodinga.

Han meiner dei konsekvent har heldt seg til sak, i staden for å gå etter enkeltpersonar. Dei kan likevel ikkje leige når det står slike oppslag like ved eigedomen, meiner han.

— Vi, som bedrift, har ikkje noko i mot meiningane dei har, men vi kan ikkje stå inne for måten dei blir uttrykt på, seier han, og understrekar at avgjersla om å seie opp leigekontrakten blei teken av ei samla leiing i selskapet.

- Bulyst = Null

Torstein Fretheim avsluttar brevet med at han har planar om å bli i Flåm og ta over garden etter faren, men at stemninga i bygda ikkje er den mest inviterande.

— Etter slike opplevingar er bulysta på høgde med tilliten til Aurland Hamnevesen. Null, skriv han.

Laurdag morgon nådde stemninga eit nytt lågmål, etter at far til Torstein Fretheim vakna opp til tolv oppskorne og øydelagde rundballar han hadde nytta til cruiseprotest. Strømsnes i Flåm Utvikling understrekar at dei tek kraftig avstand frå hærverket mot rundballane.

— Dette står vi ikkje inne for, nokon av oss. Det er ubehageleg for alle partar, for no er det mange som blir uglesett, seier han.

Verken Aurland kommune eller Aurland Sparebank ville kommentere brevet.

PROTEST: Med klartekst blir turistene ønsket velkommen til bygda Flåm i Aurland.
Anders Fretheim