— Sambandet har ikkje det tilbodet vi betalar for, seier Marit Helvik frå Rosendal. Ho er ein av ferjependlarane i sambandet Sunde-Ranavik-Skjersholmane som tende då MF «Rosendal» nok ein gong var kraftig seinka i ruta si måndag, og som til sist måtte hoppa over ein tur for å koma inn att i ruta.

Betalingsnekten frå 8-10 av pendlarane førte straks til at HSD, vegkontoret og Kvinnherad kommune tok initiativ til snarast råd å få skifta ut trege «Rosendal» med MF «Tau». «Rosendal» blei etter få dagar sett inn for MF «Ølen», som var endå tregare.

Beklagar situasjonen

— Vi trudde «Rosendal» skulle greia å halda tidtabellen. Men det viser seg at det går lengre tid ved kai enn vi rekna med. Vi beklagar situasjonen, og håpar på å få «Tau» på plass alt 1.juni, seier Lars Juvik, trafikksjef i HSD Sjø til Bergens Tidende.

Vegdirektoratet har bestemt at Stavangerskes MF «Tau» skal til Nord-Noreg i sommar når sambandet Tau-Stavanger 1. juni får ny snøggferje. Det er denne planen HSD no håpar å skipla for å tilfredsstilla dei reisande i sambandet mellom Kvinnherad og Stord. MF «Tau» er lik HSDs MF «Hordaland», som er det andre fartøyet i sambandet Sunde-Ranavik-Leirvik, og som maktar den nye ruta frå 1.mai bra.

Etter gjeldande avtale skal 90-bilarsferja «Tau» inn i Kvinnherad-Stord-sambandet først til hausten.

... og beklagar aksjonsform

HSD set lite pris på aksjonsforma som ferjependlarane sette i verk måndag morgon. I 25 minuttar hang ferja fast i den nye ferjelemmen på Ranavik grunna ein elektrisk feil. Det var dropen som fekk begeret til å flyta over blant anna for bileigarane som stod på Sunde og venta før klokka 6.30.

— Ferja er nesten aldri i rute, seier Marit Helvik, som pendlar dagleg mellom Rosendal og Bremnes, der ho er lærar på Bømlo vidaregåande skule.

— Eg står opp kvar dag klokka fem for å koma tidsnok til jobben. I går skulle eg leia ein viktig prøve for elevane, og kunne ikkje koma for seint, seier Helvik, som legg til at det blei litt ampert om bord då det blei sett i verk betalingsnekt.

— Vi kan ikkje akseptera dette. Å nekta å betala er feil måte å reagera på. Vi kan ikkje vera politi, heller. Men i den grad vi får identifisert dei som stod bak, kan dette få følgjer for dei, seier HSDs trafikksjef Lars Juvik.

Det tek nær ein time å reisa frå Sunde til Skjersholmane med det aldrande ferjemateriellet som HSD i dag disponerer. Prisen for liten bil med førar er 104 kroner.

Ferjeaksjonen som blei etablert i fjor for å auka frekvens og kapasitet i sambandet mellom Stord og Kvinnherad, bestemte seg for å leggja ned då Samferdsledepartementet flytta ferja frå Leirvik til Skjersholmane. Seinare har Ferjeaksjonen bestemt å halda fram presset for å betra tilbodet i sambandet som skipar 20.000 bilar og dobbelt så mange passasjerar kvar månad.

FULL TENNING: Marit Helvik var ein av ferjependlarane som tende då MF «Rosendal» nok ein gong var sein i ruta mellom Stord og Kvinnherad i går.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR