– Vi får no installert alkolås i bilane våre, fortel Frode Prestegard ved Voss og Hardanger distriktsvegkontor.

I helga demonstrerte han innretninga utanfor Voss idrettshall under bilmessa.

Ein frisk pust, utan alkoholdunst, skal til for å få start på motoren.

Føraren må blåsa gjennom eit plastrøyr på enden av eit hendig apparat, på storleik med ein ikkje altfor ny mobiltelefon.

Skulle ein fyllekøyrar vera så «lur» at han låner frisk pust av andre, er det i alle fall fleire som veit om det, og sjansen aukar for at synda kjem for ein dag.

Prestegard trur busselskap og andre transportørar vil investera i slike apparat.

Under bilmessa viste vegstellet også korleis ein skal koma seg ut av bilbeltet og vidare ut av bilen når han blir liggande på taket etter ein velt. Den lokale NAF-avdelinga demonstrerte også kor kraftig ein kollisjon kan vera sjølv i svært låg fart.

Kva synest du om alkolås? Sei di meining her.

AVSLØRANDE: Alkolåsen krev frisk pust gjennom plastøyret, fortel Frode Prestegard. Ein snev av alkoholdunst fører til at motoren ikkje startar.
ARNE HOFSETH
VELTEBIL: Ligg bilen opp ned, er det lett å slå hovudet i taket når du opnar bilbeltet.