Det er styreleiar i Gloppen Utvikling, Sven T. Rylandsholm, som opplyser dette overfor NRK Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei 20 tilsette som no har fått oppseiingsvarsel, har tretten andre allereie forlate selskapet.

Det var etter konkursen i Easy Connect Gloppen i oktober at næringsselskapet Gloppen Utvikling tok over drifta. Dei har hatt ein førebels avtale om nummeropplysning med Easy Connect i Bergen.

Det er denne avtalen som no blir sagt opp og ikkje vidareført, slik alle dei tilsette i Gloppen mister arbeidet. Easy Connect har hatt til saman fem dotterselskap.

Berre avdelingane i Ulvik og Vaksdal får leve vidare.

I Gloppen er håpet no å satse på nytt med telefonsal, og at nokre av dei tilsette dermed kan halde fram der. Kor mange det eventuelt blir snakk om, er inntil vidare usikkert.