Bergenskvinna Mari Sletten Bratli (24), som flytta til Hjelmeland i Ryfylke før jul med sine to mindreårige born, omkom då personbilen ho køyrde kolliderte med eit vogntog på den svingete E39-passasjen i Vistvik like sør for Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune på Stord fredag kveld.

Sonen (6) og dottera (4) i baksetet overlevde ulukka, men 4-åringen ligg framleis på Stavanger universitetssjukehus. Tilstanden hennar var tysdag alvorleg, men stabil. Broren er utskriven og blir tatt vare på av familiemedlemmer, i tillegg til at det kommunale hjelpeapparatet i Hjelmeland er aktivisert, ifølgje fungerande ordførar Håkon Helgøy.

— Det er små forhold her, og vi må ta vare på kvarandre. På Fister skule er medelevar av 6-åringen orienterte om ulukka, seier Helgøy.

Vestlandets verste

På heile E39-distansen mellom Kristiansand og Trondheim blei det registrert 2900 ulukker frå tusenårsskiftet til 2009, med gjennomsnittleg 15 drepne og 41 hardt skadde kvart år. I 2011 dokumenterte BT-serien "Døden på veiene" at E39 tiåret før var Vestlandets mest ulukkesbelasta veg, og den strekninga i landet med nest flest alvorlege ulukker.

E39 gjennom Hordaland er mest utsett, og spesielt over Stord og gjennom Lindås, viser Vegvesenets statistikkar. Dødsulukka sist fredag skjedde på den resterande delen av E39 over Stord, som enno ikkje er opprusta i bompengeprosjektet for strekninga Jektevik–Sandvikvåg, og som reisande i ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg har vore med på å betala.

Den svingete distansen Vistvik–Engevik med ei rekkje utforkøyringar og kollisjonar dei siste åra, vil tidlegast bli utbetra neste år. Ein tidlegare reguleringsplan er utgått på dato. Seksjonsleiar Ivar Thorkildsen i Statens vegvesen seier at vegen skal rettast ut, få gang- og sykkelsti og truleg bli dimensjonert for 80 kilometer i timen.

På høg tid

Lensmann i Fitjar, Svein Lunde, meiner det er på høg tid at vegstrekninga blir utbetra frå Hageberg skule forbi Vistvik til Engevik. Han har vore i dialog med Vegvesenet om å få til mellombelse tiltak og vil no leggja ekstra trykk på saka.

— Det uroar meg at det har drege ut med å få utbetra denne sona, seier Lunde.

Redusert fart og skilting er blant dei mellombelse tiltaka som kan koma, men lensmannen har ikkje tru på at fartsreduksjon åleine kan løysa problema. Dei mange 70-sonene blir ikkje alltid respektert, meiner Lunde.

— Under ideelle tilhøve går det greitt å køya i 80 gjennom svingane, men det er lite å gå på. Særleg for høge vogntog eller når føret er dårleg. Er det vått og sleipt, har du nesten ingenting å gå på gjennom desse svingane, seier Lunde.

Uroleg UP-sjef

Utrykningssjefen for Vestlandet, Leon Nordanger meiner strekninga er krevjande. Overgangen frå den utbetra E39 sørover mot Leirvik og til svingane ved Vistvik kan vera vanskeleg å takla. Mange sjåførar har dessutan dårleg tid til ferja i Sandvikvåg.

— Bilistar blir gjerne blenda av dei gode strekningane. Når ein kjem over i svingete område, kan det vera vanskeleg å tilpassa køyringa, seier Nordanger.

Han presiserer at han uttalar seg på generelt grunnlag og at årsaka til dødsulukka fredag, der den 24-år gamle bergenskvinna døydde, ikkje er kjent.

Etterforskingsleiar Egil Espeland ved Stord lensmannskontor opplyser at han i granskinga av Vistvik-ulukka avventar ein sakkunnigrapport frå Vegvesenet om køyreforholda då kollisjonen skjedde, og om teknisk stand på involverte køyretøy. Det er uklart om Statens havarikommisjon behandlar ulukka.