Vegen vert stengd grunna nedsprenging av ein gamal tunnel i Uføro i samband med vegutviding av Ev 39 Jektevik — Sandvikvåg. Dette vegarbeidet starta opp 8. august 2004 og er planlagd ferdig 1. januar 2006, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Frå 12. september til 10. oktober må all trafikk gå om Rv 545 Fitjar og omkøyringa vert skilta. I denne perioden vil fartsgrensa bli sett ned til 40 km/t ved Sagvåg skule og gjennom Fitjar sentrum. Vidare vert fartsgrensa sett ned til 60 km/t ved Rydlandssago.

Rv 545 er opprusta og utbetra på dei vanskeligaste partia for å kunne ta imot den auka trafikkmengda. Erfaringar frå tidlegare, da E39 var stengd grunna ras og trafikken måtte gå om Fitjar, synte kvar dei verste flaskehalsane var.

Det vil verte oppretta skuleskyss med båt frå Tysnes og Huglo, ferja vil gå i vanleg rute i heile perioden vegen er stengt, melder Statens Vegvesen.