ARNE HOFSETH

For å få mest mogeleg att for pengane, ville distriktsvegsjef Arnfinn Ansok stenga E16 heile døgeret i fleire månader, slik at arbeidet med å utvida og modernisera Dalevågtunnelen og Helletunnelen, mellom Stanghelle og Dale på europavegen Bergen-Oslo, kunne gå kontinuerleg.

Næringslivet lokalt og heile lastebilnæringa reagerte med kraftige protestar.

Det vart reagert sterkt på at tungtrafikken skulle omdirigerast til riksveg 7 gjennom Hardanger, som dels ligg på smale fjellhyller langs Hardangerfjorden. Småbilar kan tråkla seg fram på gamlevegen gjennom ura langs Dalevågen, over to plankryss med jernbanen og den spinkle hengebrua på Hellestræ. Lensmann Kjell Ove Baardtvedt i Vaksdal proklamerte at gamlevegen for lengst var utgått på dato då dei to tunnelane vart opna for 30 år sidan, og at opplegget var uforsvarleg. Næringsdrivande, til dømes på bensinstasjonane langs vegen, var redde for å missa levebrødet.

Ei arbeidsgruppe med medlemer frå Vaksdal kommune, samferdsleutvalet i Hordaland, næringslivet og Statens Vegvesen har utarbeidd eit framlegg som Vegstellet har akseptert med eitt atterhald: At dei får løyve til å driva nattarbeid.

Opplegget gir open veg til desse tidene:

  • Måndag — torsdag: kl. 07.00 - 15.00
  • Fredag: kl. 07.00 - 18.00
  • Laurdag: kl. 10.00 - 15.00
  • Sundag: kl. 10.00 - 18.00

På kvelds- og nattetid må trafikantane ta til takke med gamlevegen langs Dalevågen, med mykje rygging og herjing i vintermørkret. Alternativet er å ta omvegen om Hardanger. Det er også mogeleg å køyra via Nordhordlandsbrua, Romarheim, Modalen og Stamnes til Dalseid.

Arbeidet skulle ha byrja i haust, men er no utsett til tidleg på nyåret.