Laurdag 17. desember vert ikkje E16 opna mellom kl. 10.00 og 15.00 som vanleg.

Sjekk veirapporter

Grunnen er at det skal leggast ned ein jordbruksundergang (røyr) ved Helle. Personbiltrafikken må gå i kolonne på gamlevegen heile dagen.

Stoppar vogntog Det vert det plassert ut folk som stoppar og informerer alle vogntog i retning Bergen på E16 nord for Voss (Gjerdesflatane) og på Trengereid, retning Voss, slik at desse kan ta omkøyringsruta på riksveg 7, melder Statens vegvesen.

.Desse vil vera på plass frå kl. 0900 til kl. 1500. I tillegg vil ferjemannskapa på Bruravik-Brimnes og Utne-Kvanndal gi same informasjon til alle vogntog frå laurdag morgon til kl.1500.

Juleferie på anlegget

Entreprenøren vil ta juleferie frå 23. desember til 2. januar 2006.

Det vil seie open E16 mellom 23. desember kl. 06.45 og 2. januar kl. 15.15.