E. coli og koliformar bakteriar vart oppdaga under rutineprøvar tysdag, melder NRK Sogn og Fjordane.

Alle abonnentane ved Skei og Vassenden vassverk har fått beskjed om å koke vatn som skal nyttast til mat og drikke. Tarmbakterien som er påvist er ikkje av den farlege typen, ifølgje Mattilsynet.

Avføring i vatnet

– Det er ein indikatorbakterie som ein finn i avføring frå varmblodige dyr, fuglar eller folk. Den gjev ikkje sjukdom, men indikerer at det er kome avføring i vatnet og det vil vi ikkje ha, seier Rune Myklatun, distriktssjef i Mattilsynet.

Sjølv om den påviste bakterien er ufarleg, kan den føre med seg andre, skadelege bakteriar.

– At det er avføring i vatnet viser at reinsinga ikkje har fungert. Det kan tenkast at det er Giardia der og. Det er ingenting som tilseier det, men vi må vere føre-var, seier Myklatun.

— Svikt i reinsinga

Med auka klordose i vatnet håper kommunen å bli kvitt bakteriane. I morgon vil nye analysar gje svar på korleis bakteriar har kome i vatnet.

– Det er noko galt i Jølster når ein finn dette i vatnet. Mest sannsynleg er det ein svikt i reinsingsprosessen, eller eit leidningsbrot. Det kan og ha blitt gjort feil under prøvetakinga, seier Myklatun.