Trass i store nedskjeringar dei siste åra, går framleis drifta med underskot.

Rådmann Rolf Nøstdal skal informera om situasjonen på kommunestyremøtet på tysdag. Nøstdal seier til Kystradioen at kommunen ser ut til å få mindre inntekter i 2006 enn i år også etter tilførte ekstrapengar som er lova av den raudgrøne regjeringa.

Administrasjonen har ikkje ferdigrekna kor mykje pengar som manglar, men Nøstdal er redd for at han må presentera dystre tal for kommunestyret på tysdag.