— Det beste enkeltresultatet er ein nedgang i sjukefråveret på 78 prosent. Men i snitt er sjukefråveret redusert med 68 prosent i dei fire barnehagane, opplyser Sulen.

I éin av barnehagane er helsevinsten framleis vedvarande - heile tre år seinare, kan Sulen fortelja.

Rask framgang

Fysioterapeuten gjekk laus på nakke-, skulder- og ryggplagene til dei barnehagetilsette.

— Treningsprogrammet var individuelt tilpassa. Me jobba med både avspenningsøvelsar og styrketrening, seier ho.

48 personar var med i prosjektet. Etter berre eit halvt år uttala 47 av dei at treninga hadde betra dagleglivet deira. Halvparten var i tillegg vortne meir aktive på fritida.

— Mykje av suksessen tilskriv eg trening med Terapimaster - eller såkalla slyngetrening. Den gjev stor framgang på kort tid. Det er knappleik på arbeidskraft i Noreg, så dette burde vera noko å tenkja på for dei fleste bransjar. Til dømes har høgkapitalverksemdene enorme summar å spara på å halda folk friske, påpeikar Marianne Sulen.

Kostbart sjukefråver

Ei undersøking utført av SINTEF i 2000 synte at ein sjukefråversdag i Noreg kosta 1700 kroner i gjennomsnitt. Produksjonstapet utgjorde 1000 kroner, resten var auka utgifter som følgje av fråveret.

— Justert til 2005-nivå hadde kostnaden stige til 1900 kroner, fortel forskar Karl-Gerhard Hem ved avdeling for levekår og tenester ved SINTEF i Oslo.

Undersøkinga vart gjort på oppdrag frå Arbeidsmiljøfondet i NHO. I underkant av 100 verksemder bidrog med data.

— Me fekk data frå rundt 200 sjukefråver - eitt langt og eitt kort frå kvar av verksemdene, opplyser Hem.