— Eg hadde ingen sjanse til å halda vogntoget på vegen, seier Kim Christiansen som natt til onsdag klamra seg til taket på førarhytta si ute i strie og iskalde Strandaelva på Vossestrand.

Han meiner det alltid må ei utforkøyring til, før Vegstellet kjem luntande med vedlikehaldsutstyr.

Oppdragsgjevar Stein Wangen hevdar overfor Bergens Tidende at strekninga mellom Voss og Gudvangen har det dårlegaste vintervedlikehaldet på heile vegnettet som hans transportfirma trafikkerer.

Petter Flage ved Vegproduksjon AS si avdeling på Tvildemoen seier at han ikkje hadde hatt noko mot ein høgare standard på vintervedlikehaldet. Men det ville gitt høgare kostnader. Til sjuande og sist, er det eit budsjettspørsmål for politikarane.

— Instruksen går ut på at vegen skal brøytast når det ligg åtte centimeter snø på vegen. Det skal strøast eller saltast når friksjonen når verdien 24. Då er det ganske glatt, seier Flage.

Han fortel at det for kort tid sidan var framlegg om å endra instruksen til tidlegare tiltak, men det har førebels ikkje skjedd, truleg av budsjettomsyn.

Strekninga mellom Voss og Gudvangen er truleg ei av dei vanskelegaste i heile landet. Framnes ved Oppheimsvatnet er truleg kaldaste staden på Voss, der det er målt lågare temperatur enn 40 kuldegrader. Medan det oppe i høgda er 8-10 kuldegrader kan det samstundes vera plussgrader nede i Nærøydalen. Raske temperaturskifte kan gje delstrekningar såpeglatt veg kjappare enn det er mogeleg å få strøbilar på plass. Flage minner om at føraren alltid har plikt til å avpassa farten etter tilhøva.

— Det hender at det blir så glatt på denne vegen at føraren rett og slett bør parkera bilen og ta ein pause, seier Flage til Bergens Tidende.

BERGINGSARBEID: Vogntoget som køyrde utfor vegen mellom rundkøyringa på Vinje og skulen på Sundve på Vossestrand hadde polvarer, cola, pølser og pizza i lasta. Onsdag starta jobben med å få vogntoget opp frå elva.
Tor Høvik