Bakgrunnen er arbeidet firmaet hans, Wikos A/S, gjer for at styresmaktene ikkje skal gløyma at planane for den omstridte brua over Hardangerfjorden enno finst.

I tillegg fekk Wilhelmsen utbetalt 132.000 kroner i reiseutgifter frå bruselskapet. Dette var utgifter som dekte reisene han og styreleiar Magnar Lussand hadde for selskapet i fjor.

-Honorarutgiftene dekkjer alle administrasjonsutgifter for bruselskapet, forklarar styreleiar Magnar Lussand

Han understrekar at det ikkje er Wilhelmsen personleg som tek ut den høge løna.

Dekkjer kontorutgifter

Wilhelmsen har sitt eige konsulentfirma, Wikos A/S. Det er dette firmaet som har teke på seg den daglege leiinga av Hardangerbrua A/S. Lønna dekkjer difor alle slags administrasjonsutgifter som kontor, telefonutgifter, marknadsføringsutgifter og andre utgifter som skal til for å driva selskapet, forklarar Lussand.

Han legg til at det er meininga at arbeidet med den daglege leiinga skal tilsvara ei halv stilling.

-Men i fjor var aktiviteten svært høg. Det måtte leggjast til rette for å få laga nye planer for den planlagde brua. Sidan Stortinget sa nei til å byggja Hardangerbrua i 1996, er lovverket endra slik at styresmaktene ikkje lenger vil godkjenna det gamle plandokumentet. Eit nytt må lagast om brua på nytt skal inn i Nasjonal transportplan. Det kosta noko meir enn det vi hadde budsjettert med på førehand å få dette til, forklarar styreleiaren.

Nytt plandokument

Han understrekar at aktiviteten vert noko mindre i år. Difor har selskapet budsjettert å redusera honorarkostnadene med ein tredel i år.

Men på slutten av året og til neste år er det venta at aktiviteten vil stiga att.

— Alt i haust må fylkestinget i Hordaland gjera prioriteringane for den neste nasjonale transportplanen. Då må vi sørga for at Hardangerbrua vert med i denne prioriteringa. Det vil føra til auka utgifter. Også neste år vert aktiviteten stor, seier han.

— Kva er årsaka til dei høge reiseutgiftene?

— Det er naudsynt å reisa ein del til Oslo, til Stortinget og til samferdslestyresmaktene for informera dei om bruplanane, seier Lussand som forsikrar om at verken Wilhelmsen eller styreleiaren har vore utanlands som representantar for Hardangerbrua A/S.

— Heldigvis er det nok at vi får godkjent brua innanlands, seiar han spøkjefullt.

Spørsmål i fylkesutvalet

Då fylkesutvalet fekk meldinga om fjorårsrekneskapen for selskapet før helga, stilte fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg spørsmål om kva honoraret og reiseutgiftene vart brukt til.

— Eg syntest utgiftene var høge, men syntest forklaringa styreleiaren gav var grei nok, seier Nyborg til Bergens Tidende.

Lussand seier at han ikkje vart uroa over Nyborg sitt spørsmål. For han var reaksjonane frå generalforsamlinga i selskapet viktigare.

— Og generalforsamlinga hadde verken merknader eller spørsmål til desse utgiftene, understrekar han.

<b>DYR LOBBYIST:</b> I fjor kunne lobbyist Torbjørn Wilhelmsen innkassera 600 000 kroner i honorar for arbeidet firmaet hans, Wikos A/S, gjer for å halda liv i planar om bru over Hardangerfjorden.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNSETH