— Visse tenester må me utføra, sjølv om vaktavtalen er sagt opp, seier Karl Lunde til Bergens Tidende.

Dyrlegen med 30 års erfaring støttar opp om veterinærreaksjonen overfor staten, men gøymer seg ikkje vekk dersom bønder eller andre har bruk for han.

— Folk er klar over situasjonen som oppstod då me sa opp avtalen frå årsskiftet. Utanom vanleg arbeidstid ringjer dei derfor berre dersom det er alvorlege komplikasjonar.

Sjukdommar

— Inseminering er det avtale om skal gjennomførast. Elles rykkjer me ut på fødselshjelp, når dyr har mjølkefeber eller sjukdommar som kan medføra død eller liding for dyra, seier Karl Lunde.

Etter at avtalen blei sagt opp, har ein sau døydd av hjernehinnebetennelse på Tysnes. Den hadde truleg ikkje greidd seg sjølv om dyrlege hadde kome til, meiner veterinær Lunde.

Karl Lunde er ein av sju representantar i Den norske veterinærforening si styringsgruppe. Han er skuffa over at staten så langt har avvist å koma veterinærane i møte i høve til kravet om dobla kompensasjon for vaktteneste utanom ordinær arbeidstid.

Møte mandag

— Eg støttar opp om veterinærforeininga si haldning. Me er dårleg løna for vaktene. Og Landbruksdepartementet har ikkje vist vilje til å etterkoma noko som helst, seier han.

Landbruksminister Lars Sponheim deltar mandag i et møte med Den Norske Veterinærforening for å finne ut om det er grunnlag for videre forhandlinger om veterinærvakttjenesten, skriver NTB

Veterinærforeningen har sagt seg villig til å gjenoppta forhandlingene dersom Riksmeglingsmannen leier møtene.