Sauer som går ute om vinteren har hatt ei tøff tid.

På Osterøy har det gått heilt galt. Ved Storavatnet har sauer gått utan tilsyn heile vinteren i 50 cm snø. Dei som enno levde, var svært avmagra. Fleire er funne døde i snøen.

— Dette er eit lovbrot som vi vurderer å melda til politiet, seier Arve Viken i tilsynet.

— Ei dyretragedie, slår han fast i Bygdanytt .

Ukjent eigar

Å ha sauene gåande ute er ein lettvint måte å halda sau, særleg i ytre strok. Men det fins reglar som pålegg eigaren å ha tilsyn med dyra. Dei skal forast om dei ikkje klarar å finna mat sjøl.

Dyra på Osterøy var ikkje merkte, og Mattilsynet har ikkje klart å finna fram til eigaren.

— Etter ei slik tragedie er det naturleg at ingen rekk opp handa og tek på seg ansvaret, meiner Viken.

Det var tips frå publikum som sette inspektøren på sporet av besetninga som gjekk på sjølvstyr. Det var eit sørgjeleg syn som møtte han.

Slutt på lidingane

  • Sauer har berre pipestilkar til bein og klarar ikkje ta seg fram i snømengdene vi har hatt denne vinteren, seier Viken til bt.no.

For å gjera slutt på lidingane, bestemte Mattilsynet at dyra skulle avlivast. Etter å ha lagt ut fòr i nokon dagar, vart grinder sett opp, dyra fanga og avliva.

— Dei var ikkje så vanskeleg å få tak i, dei kom ikkje langt i snøen, fortel Viken som er seniorinspektør og veterinær i tilsynet.

Sauene har gått i eit over 2000 mål stort naturreservat der det ikkje fins beiterettar, så vidt Mattilsynet veit.

Viken trur sauene har gått der i årevis utan tilsyn og blitt fleire og fleire.

— Men dette er ikkje ville dyr. Dei skal ha tilsyn.

Kulturlandskapet

Det er 1100 sauebønder i 15 kommunar rundt Bergen, frå Os i sør til Gulen i nord. Av desse er 200 buskapar meir og mindre utegåande.

Då dei store snømengdene kom, besøkte tilsynet over 20 av dei.

— Vi måtte peika i nokon sauebønder og bedt dei leggja ut meir fòr, men dei fleste gjer ein god jobb, seier Viken.

Sauehaldet er ofte brukt for å hindra attgroing, men det imponerer ikkje Mattilsynet.

— «Kulturlandskapet» er blitt eit sesamord, meiner Viken.

— Men vert det konflikt mellom kulturlandskapspleie og dyrevelferden, då kjem velferden for dyra først, slår han fast.

SLITEN SAU. Dei som ikkje hadde daua allerede, vart avliva av Mattilsynet. (FOTO: Mattilsynet)
SISTE MÅLTID. sauene gjekk i Mattilsynet si felle. (FOTO: Mattilsynet)
TØFF VINTER. Dei har sannsynlegvis gått her i årevis, men denne vinteren vart for tøff. (FOTO: Mattilsynet)