EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noDalsgrend500 pappkartongar var stua med millimeterpresisjon mellom seta, under seta og oppå seta i BNR-bussen frå 1979. Nesten alt var klappa og klart for nok ei sending med klede, sko, barnevogner, leiker, kaffe, sukker, mjøl og andre varer til fattigfolk i byen Onesti.Så kom telefonen frå Romania fredagskvelden: "Vi kan ikkje ta imot matvarer. Grensene her er stengde for hjelpesendingar med mat". Årsak: Frykt for smitte av kugalskap, munn— og klauvsjuke og skrapesjuke.- Då såg vi heller svart på det. Vi hadde jo gitt beskjed om at gjevarane gjerne måtte leggje tørrmat av alle slag i kartongane, seier Torbjørn Seljelid på Frekhaug, ein av initiativtakarane. Berre tannkrem tillate Men det var ingen veg attende. Innsamlinga var nesten avslutta, bussen meir enn halvfull, og i Romania venta mottakarane.Så med krum hals gjekk eldsjelene laus: tømde bussen og tok den omstendelege jobben med å leite igjennom kvar einaste kartong på jakt etter noko etande. - Det einaste vi får ta med som kan puttast i munnen, er tannkrem, seier Seljelid, midt i haugen av papp-øskjer i ein industrihall på Dalsgrend. Skal etast i Bergen Det gjekk over all forventing. Bygdefolket stilte opp, og på eit par dagar var samtlege kassar gjennomsøkt. I går kunne Seljelid og Vidar Fløysand stue inn att varene i bussen - som skal seljast til ein mann som driv buss-selskap i byen.Og matvarene? Dei har også funne verdige mottakarar.- Vi stod laurdag formiddag i Knarvik og lurte på kva vi skulle gjere. Plutseleg kom ei heil avdeling med frelsesarmi-soldatar marsjerande. "Dei kan jo få maten!" tenkte vi. Og slik vart det, seier Marte-Katrine Parmann. Så nå vankar det 12 ekstra banankassar stappfulle med mat til Slumstasjonen i Ladegårdsgaten i Bergen.- Vi kan bruke alt saman. No passar det ekstra godt, for før påske delar vi ut ekstrapakker til åleineforeldre, uføre, pensjonistar og andre som treng litt hjelp, seier løytnant Marianne Naustdal.18. april går bussen til Romania. Så får bergensarane nyte maten som rumenarane ikkje tør ta imot.