— Dette er heilt nytt. Tradisjonelt har alltid sentrum vore dyrast, seier Christian Rasmussen, dagleg leiar i hybel.no, som følgjer utviklinga i leigemarknaden nøye.

Like dyrt utanfor sentrum

For å få seg eit rom kostar det i snitt 3250 i området Sandviken/Norges Handelshøgskole, ut frå portalen sine berekningar. Til samanlikning må du punga ut 3150 i sentrum. Også dei andre studentområda av byen pustar sentrum i ryggen på hybelpris. I fjor kosta det rundt 2800 i månaden for eit rom ved Årstad/Haukeland. I år kostar det over 3000. Generelt ser det ut til at prisen for eit rom i bukollektiv er om lag 500 kr dyrare i Oslo enn i Bergen, ut frå annonsane på hybel.no.

Foreldre sikrar flott kåk

Det kan altså sjå ut til at prisane jamnar seg ut i heile det tradisjonelle nedslagsfeltet for studentar.

— At det blir same pris utanfor sentrum kan ha å gjere med at standarden er høgare, seier Eidhammer.

— Når det gjeld hyblane nær NHH kan pristoppen skuldast at studentane har foreldre som kan spytta inn litt ekstra, trur ho.

Enorm pågang

Sidan opptaket vart klart 20. juli har hybelpågangen eksplodert. For ei veke sidan melde Bergens Tidende at alle dei over 3000 studentbustadene var leigd ut. 600 står på venteliste til desse. I tillegg er det stort trøkk på annonsane på nettet.

— Det er ein enorm pågang. Nokre annonsar blir fjerna etter få minutt ute, fortel Rasmussen.

Vanlegvis har hybel.no 250 annonsar ståande i Bergen om sommaren. No er talet nede i 78. — Me har inntrykk av at dei aller fleste studentane bruker hybel.no, seier Maria Eidhammer i organisasjonen Bergensstudenten. Ho har også merka trøkket dei siste dagane, og prøver å hjelpa dei ferske studentane så godt ho kan.

Paul S. Amundsen