Fleire andre vegprosjekt i Hordaland har og stige kraftig i pris i ein marknad der alle har rikeleg med oppdrag.

Tre tilbydarar har meldt seg i konkurransen om tilførslevegane til Hardangerbrua. Skanska ligg lågast med 292 millionar kroner. Så følgjer AF Skandina med 315 millionar og Veidekke med 370 millionar kroner.

— Vi burde vel har lege på rundt 230 millionar kroner for halda skjemaet, seier prosjektleiar for Hardangerbrua, Øyvind Søvik.

— Men dette går inn i rekkja av det vi alt har sett ein del av. Dei aktuelle entreprenørane har mykje å gjera, seier Øyvind Søvik.

Han opplyser at arbeidet med tilførslevegane vil ta til så snart det er underteikna kontrakt med den entreprenøren som får tilslaget.

Bugjelet i tillegg

Når det gjeld sjølve brua med tårn og bruspenn, opplyser Søvik at anbodet går ut i slutten av oktober, med opning rett over nyttår.

Tilbodet som vart opna i går omfattar tunnel og veg på båe sider av fjorden. Til saman 2,4 km tunnel, 800 meter veg i dagen og gang- og sykkelveg. Men tilboda inneheld og fundament for brua og fylling over Bugjelet. Det siste høyrer ikkje til i den pakken for Hardangerbrua som Stortinget vedtok i februar 2006. Men det er kome med av omsyn til rassikringa.

Styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, seier at den høgre prisen på tilførslevegane ikkje gjer han nervøs for korleis dette skal halda fram.

— Den svært gunstige låneavtalen vi har gjer det lettare å tola ein auke brukostnadene.

Prisauke overalt

Men det er ikkje berre tilførslevegane til Hardangerbrua som stig i pris. Samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune opplyser om sterk prisauke også på vegprosjekt som er i gang rundt omkring i Hordaland.

  • Espeland-Herland på Rv. 57 mellom Knarvik og Seim stig frå 120 til 151 millionar kroner.
  • Rv. 48 Moshovdatunnelen mot Eikelandsosen stig frå 100 til 130 millionar kroner.
  • Rassikringsarbeid på Rv. 13 i Myrkdalen stig frå 96 til 153 millionar kroner.
  • Ny veg frå Hauge til Lonevåg på Osterøy stig frå 148 til 194 millionar kroner.
  • Utbetring av fylkesvegen frå Kvisti til Bruvik på Osterøy stig frå 2,5 til 4 millionar kroner.

Tom-Christer Nilsen, fylkesordførarkandidat for Høgre, seier til Bergens Tidende at staten må auka løyvingane kraftig for å vega opp for den sterke prisauken på desse vegprosjekta. Han reknar likevel med at vegprosjekt som alt er arbeid, vert fullførde.

Valde, Vegar