Frå og med 2005 blir refusjonsordninga til sjukehusa lagt om til ei årleg justering av takstane for betre å halda tritt med den medisinske utviklinga, opplyser statssekretær Jan Otto Risebrobakken i Helse— og omsorgsdepartementet til Bergens Tidende. Hittil har justeringa skjedd annakvart år.

Fredag fortalte Verdens Gang om den kreftsjuke politimannen Helge Audestad (49) frå Vaksdal som ikkje får det nye medikamentet Erbitux av Haukeland universitetssjukehus fordi det er for dyrt. Medisinen som kan forlenga livet hans nokre månader, kostar 120.000 kroner for ein kur.

— Dette reiser ein del spørsmål med omsyn til prioritering av pasientar. Samstundes skjer medisinutviklinga raskt, og finansieringsordninga vår har ikkje alltid greidd å halda følgje, seier statssekretær Risebrobakken.

- Kolossale kostnader

Avdelingsoverlege Olav Mella ved Haukeland universitetssjukehus si kreftavdeling er einig i at finansieringssystemet på dette området er for tregt i forhold til den medisinske utviklinga.

— For inneverande år har vi kjempa oss til ein medisinauke på rundt 20 prosent. Det er relativt mykje, seier Mella, som likevel etterlyser eit system som raskare sørgjer for budsjettpåfyll. Problemet blei nyleg drøfta av avdelingsleiarar for norske kreftavdelingar på eit møte i Bergen.

— Nye, kostbare medikament der nytteverdien ikkje alltid er dokumentert er eit generelt problem innan moderne medisin. Og det er komplekst. Det aktuelle medikamentet kan gje eit forlenga liv for 20 prosent av tjukktarmpasientane. Medisinkostnaden må dermed gongast med fem for å få fram ein nytteverdi. Livsforlenginga er gjennomsnittleg to månader, seier Mella.

Avdelingsoverlege Olav Mella nemner omgrepet kvalitetsjustert leveår, som i tilfellet Erbitux tyder utlegg på to millionar kroner for eitt kvalitetsjustert leveår.

— Det er tale om kolossale kostnader. I tillegg må vi vega omsynet til andre pasientgrupper, seier Olav Mella.

- Kvar dag betyr mykje

— Kvar dag, kvar veke betyr mykje for desse pasientane. At sjukehusa ikkje har budsjett til nye medisinar kan ikkje gå ut over pasientane, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Den norske kreftforening. Ho appellerer til sentrale styresmakter å finna budsjettløysingar som gjer at eksisterande medisinar kan brukast.

— Kreftforeningen - gjennom gåver frå enkeltpersonar - finansierer 70 prosent av kreftforskinga her i landet. Dei set sitt håp til utvikling av nye medisinar. Og så får slike enkeltpersonar ikkje nyta godt av nye medikament som faktisk finst. Det er eit paradoks, seier Anne Lise Ryel.