LENA VERMEDAL

FRED IVAR UTSI KLEMETSEN (foto)

Bømlo/Sveio

— Han er ganske sterk denne stolen her, lokkar tannpleiar Eli Karin Sveen på Tannklinikken i Sveio. Torbjørn Hatlevik skular mot tannlegestolen.

— Har han tusen musklar, spør femåringen skeptisk.

— Ja, denne stolen har løfta mange mammaer og pappaer med barn på fanget før, seier tannpleiaren.

I eit hjørne sit storesøster Elise og furtar. Den kvite, fine perlerada er ikkje lenger fri for hol. No må ho bora i to seksårsjekslar. Niåringen er redd det gjer vondt. Det er godt at mamma Torunn Hatlevik er med til tannlegen i dag.

Misser ein heil arbeidsdag

Tobarnsmora frå øya Espevær sørvest for Bømlo skulle ha vore vikarlærar i seks timar denne dagen. I staden for å tena 1.500 kroner, må ho følgja barna til tannklinikken i nabokommunen Sveio.

— For meg som er åleinemor er dette eit stort problem. Eg er avhengig av mest muleg inntekt. Det er ikkje bra å seia nei til vikartimar, når målet er å få fast jobb, seier Hatlevik.

Å senda barna åleine er heilt utenkeleg. Dei må nemleg skyssast i båt, bil, ferje og ny biltur før dei er framme hos tannlegen. Kollektivtilbod finst ikkje mellom Bømlo og Sveio. Då må dei reisa via Haugesund.

— Før var det enkelt. Då låg tannlegekontoret i eit lite hus her i Langevåg. Tenk om me kunne fått tannlegen tilbake. Det hadde vore enkelt det, seier Hatlevik.

Trugar med køyrestopp

I det splitta nye Langevåg Bygdatun står tannlegekontoret ledig. Ein privat tannlege frå Haugesund er parat til å starta klinikk. 300 barn og unge frå Langevåg og Espevær saman med vaksne pasientar ville vore grunnlag nok for drift.

— Ein vinn vinn situasjon for alle, meiner Lilly Vika, FAU-leiar ved Hillestveit skule i bygda. Ho er sterkt kritisk til at alle barna må sendast til Sveio.

— Dette er verkeleg noko foreldra har sett seg leie på. Det berre blir forventa at foreldre skal ta seg fri frå jobb utan at me får dekka utgiftene. Blir det ikkje ei endring frå hausten av, vil me slutta å skyssa ungane, seier Vika. Bømlo er ein av åtte stifinnarkommunar i landet som er med i kommunal- og regionalminister Erna Solberg sitt prosjekt for å finna nye samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor. I april sa fylkesutvalet nei til vidare utreiing av det privat-offentlege tannlegetilbodet i Langevåg.

— Fylket har sett seg på bakbeina. Det er beklageleg og rart. Reint samfunnsøkonomisk tener me ikkje på dagens ordning. Det er det berre fylkestannlegen som gjer, seier Inge Reidar Kallevåg, ordførar i Bømlo.

Svir på pungen

Foreldreutvalet ved Espevær skule har rekna ut tap av arbeidsforteneste og kostnad ved bruk av eigen bil eller taxi, når dei skal følgja barn til tannlegen. Frå barnet er tre til tretten kan det kosta mellom 10.000 og 17.000 kroner. Å senda barna i maxi-taxi slik tannkliniken legg opp til, er ikkje problemfritt.

— Nei det blir for langt for små barn. Det er heller ikkje lov å la barn reisa åleine med skyssbåten, seier Torunn Hatlevik. To år har gått sidan Elise og Torbjørn var hos tannlegen sist.

— Det har rett og slett vore vanskeleg å finna fridagar som passar med jobb, eller det har ikkje vore ledige tannlegetimar, forklarar vikarlæraren.

Litt nomen i munnen, men kry og stolt over at ho tålte boringa, kjem Elise ut att frå tannlegekontoret. Mor er glad for at tannlegen hadde tid til å bora i dag.

— Skulle me ha reist fleire gonger veit eg ikkje korleis me skulle fått det til.