Inger Johanne Klakegg fekk seg litt av ei overrasking då ho skulle fylle opp tanken før barnetoget i Jølster. Brått stod ho med berre pistolen i neven, medan bensinen fossa ut av slangen. Klakegg tok handtaket med seg inn på stasjonen, og personalet på Jølstraholmen Senter fekk til slutt stengt av pumpa.

Informasjonssjef i Statoil, Morten Henriksen, seier han aldri har høyrt om noko liknande. Selskapet vil no kartleggje årsaka til uhellet, for å unngå at slikt skjer igjen. Ein teori går ut på at ein kunde kan har køyrt av garde med handtaket inne i tanken. Handtaket kan ha losna, og så har kunden sjølv prøvd å setje det på plass.

Den uheldige bensinkjøparen måtte heim for vask og klesbyte. Trøysta var, i følgje NRK Sogn og Fjordane, at ho ikkje hadde bunad på seg.