I dag klokka 13.00 small den første salva i den nye tunnelen på E39 mellom Torvund og Teigen i Høyanger.

Alle som har køyrd denne vegen veit at den ikkje nett held ein god europavegstandard.

— Når blir vegen ferdig?

— Etter planen skal vegen opnast i desember 2012, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen til bt.no.

- Og fram til dess vert det vegstengingar og køar?

— Ja, i anleggsperioden vert det mange stengingar og mykje venting. Vegen kan bli stengt i i inntil to timar i strekk. Alt frå i dag kan det bli kortstengningar på mindre enn ein halvtime, seier Haugen.

- Korleis vil vegfarande bli informert om stengingar?

— Vi går ut med informasjon på våre nettsider og i media. Elles vil vi i oktober, når det vert hyppigare stengingar satsa på sms-varsling til bilistar. Informasjon om korleis ein skal gå fram for å få slike meldingar vil bli annonsert seinare, seier prosjektleiaren.

- Vert det sett opp lystavler med informasjon langs vegen?

— Vi jobbar med det og. Særleg på austsida ved Fagernes aust for Norevik, vil det blei en del stengingar. Der er det eit vanskeleg terreng. Området ligg om lag tjue minutt frå ferjeleie på Lavik.

- I helgane er det stundom lange køar på Lavik - Oppedal, vil de ta omsyn til det?

— Ja, vi har sett på trafikktala. Vi planlegg difor langstengingar på tysdagar, onsdagar og torsdagar

Statens vegvesen
Statens vegvesen