Spørsmålsrunden enda med at ein irritert Iversen sa at «eg har vore med i politikken i ti år, og denne forma har eg aldri opplevd før». Ho reagerte på det ho meinte var for mange og detaljerte spørsmål frå helse— og sosialkomiteen i bystyret.

Utgangspunktet var avgjerda frå Iversen og resten av byrådet, som tysdag kunngjorde at tiggarar, og andre som treng det, skal få dusje på Strax-huset - kommunens tilbod for rusavhengige.

Fleire Strax-anlegg aktuelle

Den tilsynelatande klare avgjerda viste seg likevel ikkje å vere så klar.

— Eg kan seie ope og ærleg at vi ikkje har hatt noko lang saksutgreiing om nokon alternativ. Nå skal vi prøve dette. Og det er ikkje nødvendigvis Strax-huset i Damsgårdsveien vi snakkar om. Det kan vere andre alternativ. Dette er krevjande for alle, sa Iversen til komiteen.

Dette kan bli eit sjansespel med sårbare menneske

Emelin dos Santos Dias (Ap)

Strax-huset har aktivitet på fleire adresser i Bergen: I hovudkvarteret i Damsgårdsveien har dei både eit dagsenter og eit tilbod på ettermiddagen. I tillegg ligg ein nattheim og eit LAR-senter for utdeling av metadon og Subutex på same adresse.

Men organisasjonen har også LAR-kontor i dei andre bydelane i Bergen, blant anna i Håkonsgaten i sentrum.

— Desse har også toalett og dusjar, sa Iversen.

Skal sjå på behovet

— Kjem de til å nytte Strax-huset i Damsgårdsveien eller ikkje? Det er eit enkelt spørsmål, sa Linn Kristin Engø (Ap).

— Det kjem vi også til å gjere. Dersom dei ønskjer å gå der. Poenget er at det kjem til å vere nokre stader til, i Håkonsgaten eller andre plassar. Vi kjem til å teste ut, for å sjå om det er behov, sa Iversen.

Opposisjonen ville vite kva slags fagleg grunngjeving byrådet har for å føre tiggarar og andre heimlause saman med dei tyngste rusmisbrukarane i byen.

— Vi skal diskutere korleis dette kan gjerast på best mogleg måte, og vil prøve å kombinere bruken av lokala slik at ingen trakkar oppå kvarandre. Det er eit politisk ansvar som vi tek, sa Iversen.

- Er som ei høyring

Ho fekk også spørsmål om omlegginga vil føre til større behov for bemanning i Strax-systemet, og om språkutfordringane.

— Dette kan bli eit sjansespel med sårbare menneske, meinte Emelin dos Santos Dias (Ap).

Åsta Årøen (V) ville vite når ordninga skal innførast.

Til slutt fekk Iversen nok.

Vedtaket står fram som forhasta og dårleg fundert

Komiteleiar Lien

— Dette er som i ei høyring. Dersom de har så mange spørsmål, får de sende dei skriftleg, så skal eg svare. Eg har møtt her på kort varsel for å gje ei orientering, sa Iversen, og la til at ho aldri hadde vore ute for liknande på ti år i politikken.

— Nå blir det for mykje kjensler her. Byrådet har bestemt seg for å gjere store endringar i ei teneste kommunen driv. Saka har versert i media i fire dagar, med mange ulike meldingar. Difor er det heilt på sin plass at du orienterer komiteen, sa komiteleiar Lien.

- Iversen er hardt pressa

Etterpå sa komiteleiaren seg like klok.

— Dette var ingen svar. Ho svarer ikkje på utfordringane vi ser, og ikkje på bekymringane vi har for dei tilsette og brukarane ved Strax. Ho svarer ikkje ein gong på om dette skal gå føre seg på Strax-huset, seier Lien.

Ho meiner det kom tydeleg fram at KrF-aren Iversen har vore hardt pressa av Høgre og Frp i byrådet. Iversen ville først bruke offentlege anlegg som Sentralbadet, eit forslag byrådsleiar Monica Mæland (H) ikkje ville stille seg bak.

— Dersom Lisbeth Iversen hadde fått bestemme, ville vi ikkje sett ein slik politikk. Vedtaket står fram som forhasta og dårleg fundert, seier Lien.

Heller ikkje leiaren for Strax-huset, Marta Bjørke, kunne i går svare på korleis tiggardusjinga skal organiserast.

— Vi håpar å vite meir i morgon, sa Bjørke onsdag.