Når skal heimepublikum få sjå førstedivisjonsdamene til Fbk Voss scora mål? Etter sju serieomgangar står dei med eitt einsleg mål rette vegen, og det kom under bortetapet 4-1 mot Linderud/Grei i sjette kampen. I fjor var Voss på høgde med dette Oslolaget, men i år er dei i kvar sin ende av tabellen.

Ballen vil rett og slett ikkje trilla i mål for vossajentene denne sesongen.

Klart overtak

I dag hadde dei taket på Gjøvik frå avspark, og burde ha sikra sigeren før pause.

I staden fekk gjestane eit flott mål ut av ingenting etter ein halv time. Hilde Fossing fekk godt treff på ballen, som gjekk inn heilt borte ved stolpen. Voss sin gode målvakt, Ann-Kristin Gustad, var sjanselaus.

Motlaust

Gjøvik overtok initiativet i andre omgang, og fekk stadig betre kontroll etter kvart som motløysa breidde seg hjå vertskapet. Elin Gladheim fekk gleda av å setja inn 2-0. Gode redningar av Gustad hindra styggare siffer for vossingane.

BAKLENGS NR. 12: Dusinet fullt bakover treng ikkje vera katastrofe etter sju kampar i 1. divisjon for kvinner, men problemet for vossajentene er at dei berre har laga eitt mål rette vegen. Her kan Gjøvik gle seg over Elin Gladheim sitt mål.
Arne Hofseth
SJANSAR 1: Voss hadde nok av sjansar i 1. omgang til å avgjera kampen, men ballen ville ikkje inn i nettmaskane.
Arne Hofseth
SJANSAR 2: Gjøvik-målvakt Silje Carlsen avvergar ved å boksa ei vossaheading frå kloss hald.
Arne Hofseth