Dei gamle fjordabåtane segla inn cirka fire av 10,5 millionar til Maritime Tours i første halvår. Erik Lofsnes skaffar «Granvin», «Atløy», «Midthordland» og «Bruvik» mange firmaturar. I tillegg skaffar dei gamle båtane seg mange oppdrag på eiga hand.

Ny i år var den tre timar lange lunch-turen frå Bergen via Salhus til Alverstraumen og tilbake fem dagar i veka. Tre av båtane har delt på å gå turen.

Tinga for neste år

— I august då veret var bra, hadde vi 30-40 passasjerar kvar dag, i juli var det dårlegare.

Vi rakk ikkje å marknadsføra denne turen i år, det skal bli betre før neste sesong. Ein stor turoperatør har alt bestilt 200 seter på denne turen kvar søndag frå mai til august neste år, seier Lofsnes.

«Granvin», som tek 80 passasjerar, har gått fjordacruise frå Bergen om Austevoll til Brandasund og Leirvik kvar onsdag i sommar.

Passasjerane har returnert med Flaggruta. Når veret var godt, var det bra med passasjerar om bord, seier Harald Kvinge, som er formann i Veteranbåtlaget Fjordabåten som eig «Granvin». Onsdagskveldane har veteranbåten gått kulturturar frå Leirvik til Halsnøy Kloster og Fjelberg Prestegard.

Også den faste søndagsturen med «Granvin» frå byen til Lyngheisenteret har hatt bra med passasjerar i godt ver, somme tider har båten vore heilt full.

Jobbar gratis

— Det er økonomi i å driva «Granvin» berre fordi mannskapet jobbar gratis. Det er grenser for kor hardt vi kan driva dignadsgjengen. Vi må tilpassa drifta etter det gratismannskapet vi har, seier Kvinge.

«Bruvik», som har plass til 286 passasjerar, har gått rundt Osterøy kvar søndag frå tidleg i juni med 55-60 passasjerar på kvar tur.

— Av omsyn til økonomien burde vi hatt 70-80 om bord, seier Carl Gunnar Nesheim i Indre Nordhordland Dampbåtlag, som eig «Bruvik». Han har ei båtinvestering å handtera og har litt andre bekymringar enn meklaren.

Dampbåtlaget har gått med underskot dei siste åra og har for tida ein negativ eigenkapital på 2,4 millionar kroner.

Nesheim har søkt om at skipet hans får status som veteranbåt, slik at han kan sleppa dei offentlege avgiftene og få vilkår på line med til dels «Granvin» og «Midthordland».

— Vi samarbeider bra med dei andre fjordabåtane, men konkurransen blir ulik. Dei blir drivne på dugnad og kan slå av på prisen når dei vil. Eg driv kommersielt og har mine faste utgifter. Eg er avhengig av at banken og kreditorane mine er tålmodige med meg.

«Bruvik» til sals

Nesheim har bestemt seg for at «Bruvik» skal gå rundt Osterøy også neste sommar. - Dette er ein fantastisk flott tur, det er så kjekt å kunne visa fram denne fjorden, seier han.

Men «Bruvik» er eigentleg til sals. - Dukkar det opp ein rik onkel med nok pengar i neven, så sel eg. Men eg vil helst sleppa, seier Carl Gunnar Nesheim, som fraktar 8-12.000 passasjerar med «Bruvik» kvart år.

Dei som eig «Midthordland» skal avgjera om denne båten skal gå fast tur til frå Bergen til Lysøen frå neste sommar.

Lofsnes og fjordabåteigarane har planlagt ei samla og meir offensiv marknadsføring av byens veteranbåtflåte før neste sommarsesong. Dessutan skal dei gamle båtane samlast ved Dreggekaien og slik sett bli endå tydelegare i bybildet.