TERJE ULVEDAL

Gardbrukaren får Hornindal har brukt to år på å få løyve til å importere det sør-amerikanske dyret med den svært så verdfulle ulla frå Chile til Norge.

— Målet mitt er at dette kan bli ei nisjenæring for fleire bønder. Dette er eit dyr som eignar seg svært godt på små gardar, seier Haugen.

Lektor Tørdal blei landskjend for uttrykket «Du store alpakka!» i Stompa-serien. Han ville sikkert sagt det same om han hadde sett dei 14 hoene og eine hannen som no går rundt i ein eitt mål stor og spesialbygd luftegard. Her blir dei fôra med tørrhøy og vatn. Og når alpakka-hannen har gjort sitt i næraste framtid, er håpet at flokken skal telje ein del fleire.

Lang reise

Det er to år sidan sauebonden, bussjåføren, gatekjøkken- og pubeigaren i Hornindal fekk den ville idéen om å hente alpakka til landet.

— Eg kjende dyreslaget frå før. Men interessa blei for alvor vekt under ein tur til USA. Kona mi er amerikansk, og vi var over for å feire Thanksgiving. Ei venninne av kona er journalist, og fortalde om ein reportasje ho nett hadde laga om ein farmar som dreiv med alpakka. Det var det som verkeleg fekk meg til å tenne.

Etter å ha «lese seg opp» på alpakka i eitt år, bestemte Haugen seg for å søkje staten om importløyve.

— Først var det blankt avslag. Men etter at eg hadde sendt meir informasjon, snudde dei. Siste tida har tilbakemeldingane vore veldig positive, fortel han.

Den lange alpakkaturen tok til i høglandet nord i Chile i slutten av november. Dei 15 dyra stod i karantene lenger sør i landet i ein månad, før siste del av reisa tok til 3. juledag. Først til hovudstaden Santiago, og deretter med fly til Frankfurt. Der blei dyra undersøkte før reisa gjekk vidare til Arlanda ved Stockholm. Med dyretransport bar det vidare på siste etappe, ein 15 timar lang køyretur til Nordfjord.

— Tre av dyra var drektige. Diverre har to av dei abortert. Eg håpar i det lengste at det skal gå bra med den siste, men det seier seg sjølv at ei så lang reise er ganske stressande.

Eksklusiv

Sjølv om alpakka i Sør-Amerika blir brukt både som lastedyr og husdyr for kjøtet si skuld, er det først og fremst den lange, glansfulle og mjuke ulla som gjer klauvdyret i kamelfamilien så verdfullt. Tekstilar laga av alpakkaull har høg kvalitet, og blir rekna som svært eksklusive.

— For meg blir dette i hovudsak snakk om rein ullproduksjon. Ein alpakka vil kvart år gje mellom tre og fem kilo ull. Eg veit faktisk ikkje kor mykje det er råd å få for ulla, anna enn at prisen er høg. I tillegg til ullproduksjon, håpar eg å få selt dyr vidare til andre som vil satse på dette. Og å importere fleire, seier Haugen.

Ein alpakka blir normalt kring 25 år. Eit vakse dyr kan vege frå 50 til 70 kilo, altså noko større enn ein sau.

Olav Reidar Haugen vil ikkje ut med eksakt kor store summar han har investert.

— Eg får seie som eg har sagt til sambygdingane som har spurt om det same: Med alt er det snakk om millionbeløp.

I karantene

Dei 15 alpakkaene skal stå i karantene til 1. juli, og vilkåra for isolatperioden er strenge. Dyra går ute i ein spesialbygd luftegard. Verken andre dyr eller fuglar skal kunne komme inn. Før Haugen kan fôre dyra, må han skifte klede og ta seg inn i innhegninga gjennom ei spesiell sluse. Sine eige sauer blei han dessutan nøydd til å slakte, før alpakkaene tok over garden. Alt for å hindre eventuell smitte dyra har med seg frå utlandet frå å spreie seg.

— Mattilsynet skal ta blod- og avføringsprøver frå dyra. Tilsynet skal også følgje opp seinare i karantenetida, opplyser Haugen.

Han meiner alpakka vil passe svært godt, både til dei små forholda i norsk landbruk og klimaet.

— Dei er ekstremt hardføre. Alpakka lever i opp til 4000 meters høgde i Sør-Amerika, og kan gå ute i all slags vêr.

INNVANDRARAR: 15 alpakkaer har sidan nyttårskvelden flytta inn på bruket til Connie og Olav Reidar Haugen i Hornindal. Dette er dei første alpakkaene som er importerte til landet.<br/>Foto: ØYSTEIN TORHEIM