Men bryr me oss? Lite. Og det er ikkje berre vår felles velstandssløvskap si skuld.

Det har minst like mykje å gjera med at Statoil — giganten som er sjølve fundamentet for vår moderne velferd - aldri har makta å vinna ein opphøgd plass i folkesjela. Snarare er det pinlege avsløringar og ærelause sjefavgangar som blir forbunde med verksemda.

Statoil er neppe det merkenamnet du kjem på først visst du blir beden om å trekkja fram industriprodusentar du er stolt av i gamlelandet. Nei, Statoil får nok aldri ein status hos oss som Volvo har for svenskane. Stjerna hadde sikkert skine sterkare med bilprodusenten på eigarsida, slik det var tale om i 1977-78. Men den glansen hadde sannsynlegvis Sverige kome til å sola seg mest i.

Trass delprivatisering bør Statoil framleis reknast som heile folkets selskap. Og særleg av folk flest her vest som bur på randa av det rike havet som Statoil stikk sine innbringande sugerøyr nedi. Direkte og indirekte sikrar Statoil titusenvis av arbeidsplassar i vår landsdel, og vil gjera det i minst ein generasjon til. Selskapet og dei tilsette representerer årlege skatteinntekter på 30 milliardar kroner som kjem alle nordmenn til gode.

Ikkje veit eg kor sterkt Statoil-tilsette identifiserer seg med arbeidsgjevaren sin, eller kor stolte dei er av å vera nettopp i det selskapet. Men frå utsida framstår Statoil som usexy og fjernt. Det er typisk at oljeselskapet er uplassert på lista over Noregs 15 sterkaste merkevarer i ei måling TNS Gallup gjorde i 2003. Vinnarane var elles Tines mjølk og Lilleborgs Zalo.

Verdiskapinga i Statoil skjer framleis i hovudsak langs vestlandskysten. Hovudkontoret er lagt til Stavanger, og konsernet har store stabar i Bergen og andre kystbyar.

Legg merke til at den raude hovudbasen på Forus har eit nokså anonymt uttrykk samanlikna med Statoil-bygget på Majorstua i Oslo. Og her nærmar me oss ei delforklaring på kvifor selskapet som er så viktig for Vestlandet enno ikkje har fått særleg appell blant vestlendingar flest.

Det ligg nemleg ei sterk Oslo-hand over Statoil. Konsernet har i heile sin over 30-årige eksistens blitt leia av sterke menn rekruttert frå det finanspolitiske miljøet inst i Oslo-fjorden. Dei tre konsernsjefane flytta aldri til Stavanger, dei valde pendling mellom Oslo og oljebyen.

No ser eg sanneleg at Oslo-avisene lanserer nygamle namn frå det samme miljøet som favorittar til å etterfølgja Olav Fjell.

Dei som leiar jakta på ny toppsjef i Statoil er i første rekkje styreleiar Jannik Lindbæk (Oslo) og nestleiar Kaci Kullmann Five (Oslo). Til jakta har dei leigd inn hovudjeger Fred Jacobsen (tidlegare sjefsekretær i Oslo Høyre). Det skal bli spennande å sjå om dei greier å løfta blikket over Oslo-gryta, og denne gongen eventuelt får på plass ein toppleiar som har kjent lukta av råolje.