Ved middagstider i går kom vennene Vibeke Holm, Arvid Bjerkestrand, Sølvi Falch og John Sorø til åstaden på andre dekk i parkeringshuset City Park i Markeveien. På plassen der den 36 år gamle tobarnsmora let livet torsdag morgon, kveikte dei lys og la ned blomar.

— Det som har skjedd er eit ufatteleg sjokk. Vi var på vinterferie, og visste ikkje om noko før i dag. Barna våre driv idrett saman. Det var trenaren som ringde og fortalde oss om det som hadde hendt, seier John Sorø.

Dei fire kan ikkje forstå det som har skjedd.

— Vi kjende til konflikten med eks-mannen, og visste at den hadde pågått over mange år. Det var noko som gjekk innpå Ingse. Det sleit veldig på henne, fortel Sorø.

Den avdøde hadde ein stor vennekrins, og utover gårsdagen søkte mange av desse til åstaden i parkeringshuset. Også nær familie og kollegaer kom til staden. Alle var sterkt merka av tragedien.

— Ho var eit av dei flottaste og mest oppofrande menneske eg kjende. Ho stilte alltid opp, for ungane og andre. I nabolaget og vennekrinsen var ho eit samlingspunkt. Dette er eit forferdeleg tap, seier Sølvi Falch.

I ein knapp halvtime held dei fire si eiga minnestund over tapet av ei nær veninne. Arm i arm forlet dei staden der ho blei tatt av dage. Tilbake står levande lys og blomar. Og eit lite kort, med ei siste helsing:

«Tro, håp, kjærlighet. Du er dypt savnet, min beste venninne. Du var verdens beste mor, venninne, støtte».

SAMAN I SORGA: Familie og vener la ned blomar og helsingar på drapsstaden i City Park i går.