Berre frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil det i år komme bortimot 50 søknader om løyve til å byggje slike kraftverk.

— Dette er saker vi anten alt har fått inn, eller er meldt vil komme. Sakene er så mange at vi slit med å få sakshandsaminga unna. Vi føler det går litt i sirup akkurat no, seier seniorrådgjevar Ivar Sægrov ved hovudkontoret til NVE region Vest i Førde.

Eigarstyrte

Til Bergens Tidende seier Sægrov at NVE siste tida har sett ein heilt klart tendens til at anlegga blir større og større.

— Sjølv om vi framleis har mange saker om mikro- og minikraftverk, er det eit klart utviklingstrekk at anlegga blir større. Og vi ser stadig oftare at elve- og grunneigarane sjølve vel å stå for utbygginga, utan at etablerte kraftselskap er inne på eigarsida.

Den nye energilova som blei vedteke tidleg på 90-talet opna for heilt andre eigarstrukturar i kraftbransjen. Mellom anna gjennom at nye produsentar skulle få tilgang til linjenettet. Likevel er det først siste åra at talet på grunneigarstyrte kraftverk har skote i vêret.

— Kraftprisen har stabilisert seg på eit høgare nivå slik at den finansielle risikoen er mindre no enn for 10-15 år sidan. I tillegg har dei politiske signala om at miljøvennlege småkraftverk skal få ein tilleggspris, også gjort det meir attraktivt, forklarar Sægrov.

Utbyte første året

I Stardalen i Jølster sende Befring Kraftverk dei første kilowattimane ut nettet i april i fjor. Selskapet med åtte aksjeeigarar satsa på ei utbygging til 15 millionar, og reknar med å produsere 21 millionar kilowattimar i året.

— Vi har tent pengar frå første dag. Eg reknar med vi skal betale utbyte alt etter første året, seier styreleiar Pål Befring. Men han understrekar at kraftverket i Stardalen er uvanleg gunstig økonomisk, og meiner det også er grunn til å åtvare mot overdriven tru på kva eit mini- eller småkraftverk kan gje av inntekter.

— Bildet er litt for glorifisert. Eg trur ikkje det er mange minikraftverk som har produsert særleg mykje kraft dei siste vekene.

Men ikkje berre elveeigarar er på bana. Gjennom selskapet Småkraft har BKK og Statkraft signalisert at dei kan komme med rundt 20 søknader berre i år. Også fleire andre energiselskap har signalisert kraftig satsing på denne typen utbygging.

Dersom forholda ligg til rette, er ikkje Pål Befring i tvil om at grunneigarane bør ta hand om utbygginga sjølv:

— Vi snakkar om ein ressurs og eit gode som ofte er knytt opp mot gardar. Det bør bli utnytta lokalt. Eg har diverre sett ein del nyare utbyggingsavtaler mellom grunneigarar og store energiselskap som minner meg sterkt om det som skjedde for 100 år sidan, då norske fossefall blei kjøpt opp for ingenting.