22. desember er den aller svartaste vinternatta, men dette osar av folketalsvekst.

Ei stygg slagside og ein strabasiøs slepetur frå Bergen truga lenge kunstverket. Men no er den omsider på plass, sikra og vatra opp, konstaterer propagandaminister Ivar Eide i isbadarlauget.

— Eg sluttar aldri å undre meg over kor mykje den toler. Fløibanan er 27 grader på det brattaste. Denne toler endå meir!

Påskehåpet Den mektige lotusblomsten består av ni tusen meter furubjelkar, og er skapt av elevar ved Kunsthøgskolen i Bergen. Både kulturbyen Stavanger og Norwegian Wood-festivalen viste interesse for skulpturen, men det var isbadarane frå Gulen som snappa den spektakulære skulpturen.

— Vi kunne overta den heil, og slepe den heim utan å måtte demontere og sette den inn i nye samanhengar. Pluss at vi har eit humørfylt formål, nemleg å sikre at folketalet i kommunen skal vekse, seier Eide. – For Kunsthøgskolen er dette eit avslutta kunstprosjekt, og dei har ikkje knytt spesielle vilkår til overtakinga.

— Kor lenge kan lotusen bestå?

— Sei det. Ein skikkeleg storm kan jo vere nok til at den havarerer. Men vi håpar inderleg den kan vare fram til vi avsluttar badesesongen til påske, seier propagandaministeren.

Drøymer om issørpe Det er fredag 22. desember, klokka nærmar seg ni om kvelden.

Ein etter ein kjem dei; nokre joggande, andre i bil. Det er klart for fredagsbadet til Halsvikvågen Isbadarlaug.

Nokre klagar på temperaturen. Det er rundt åtte grader i lufta og lett yr.

— Vi lengtar veldig sterkt etter eit slikt slush-bad. Sørpe i vatnet er det absolutt ypparste, berre ikkje isklumpane blir for store og skarpe.

Laugets eigen kaldtvannsminister, Gjermund Halsvik, får anklagande blikk retta mot seg. Men det er eit utakknemleg verv han har.

— Heile sommaren har han streva med å halde fjorden her kald. Det er eit fæla arbeid, skal eg seie deg.

Men nok prat no. Tretten vaksne menn marsjerer ut på flytebrygga, ein etter ein stuper ut i den svarte fjorden. Med faste tak og godt høyrbare pustelydar sym dei over til den vaiande lotusblomsten, stig inn i den.

Der framfører dei ein sang til ære for kjempeblomsten, til melodi av Dar kjem dampen.

Deretter er det på hovudet uti igjen og etter beste evne å karre seg opp på kaikanten.

Badestampen ventar.

Inspirasjonen Dampen står opp av badestampen, men vatnet ser ikkje akkurat krystallklart ut. Ein skuleklasse har brukt stampen, og har heilt ureglementert hatt sandete sokkar på beina.

— Dei seier at ballastvatn kan vere farleg, men eg veit no ikkje eg, seier ein skeptikar før han tar plass i det uklare badevatnet.

Samtalen kretsar rundt formålet med å få lotusen hit, nemleg å få opp fødselsraten i nærmiljøet.

Men sjølv føler medlemmene I isbadarlauget at dei har gjort sitt, og påstår dei I snitt har 3,5 barn og dermed har gjort sitt. Så dei har altså overteke lotusblomsten på falske premissar?

— Ikkje spør om det. Ingen kommentar, ler propagandaministeren, før han igjen blir alvorleg.

— Tanken er jo at den først og fremst skal vere til inspirasjon for andre.

Det dampar frå stampen, latteren sit laust. Dei skålar i lotus-akevitt.

— Inspirasjon, eg veit no ikkje eg. Kona mi blir berre sur når eg seier at lotusen i Halsvikja er finare enn hennar, kjem det frå ein eller annan av karane i stampen.

Og enno er kvelden ung.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv