Eit tital bilar står og pustar eksos på ferjekaien i Gjermundshamn. Tide-ferja MF «Rosendal» har akkurat lagt til kai. Personalet viftar med armane, og bilane glir forsiktig inn på ferja.

Under bildekket ligg kiosken. Stolar med knallraudt— og blått plasttrekk mot gulbrune vegger og grått golvbelegg. Reklameskilt for pølser heng tett i tett på veggen. «Nyhet Chicken! Kylling Grill - Sunt og godt».

— Har du noko heimelaga?

Kjetil Smørås tittar på Evelyn Rykkje bak kioskdisken.

Ho ristar på hovudet.

— Men baguettane og rundstykka smør eg sjølv. Og så sel me av og til middag, seier ho.

Saknar suvenirmat

Kjetil kjøper ein kopp kaffi, ei vestlandslefse og ein pizzabolle. Bergensaren eig Augustin Hotel og Grand Hotel Terminus, og er styreleiar i Fjord Norge. Han ser eit stort utviklingspotensial hos ferjene.

— Å dra på båttur på fjorden står øvst på ønskelista til vestlandsturistane. Derfor er det utruleg at det er tenkt så lite på form, miljø og mat på ferjene våre, seier han.

Det ryk av kaffien. Kjetil tar ein slurk.

— Kaffien er iallfall betre enn sitt rykte, seier han med eit flir.

Han deler pizzabollen i to med kniven, og dyttar ein bit i munnen.

— Ikkje verst, er dommen.

— Men det er heilt upersonleg. Det er så mykje sterk kultur i området, og baksteekspertar på kvart nes. Ferjene må jo vera ein utmerkt salsstad for lokalmat.

Han trur ikkje ekstrakostnadene vil vera så store.

— Eg innser at ferjene må driva lønsamt og tilby mat med brei appell. Pølsene må nok vera der. Men i staden for å ha så stort utval som no, kunne dei ha tilbydd litt lokalmat også. Heimelaga sveler er for eksempel veldig enkelt, seier reiselivskjennaren.

Han vågar seg på eit gratisforslag til ferjeselskapa.

— Kva med å reservera ein del av disken til suvenirmat frå regionen? Då tenkjer eg på ting som sylta hardangerplommer, eplemost, cider, hylleblomstsaft, tradisjonspølser og ost.

- God idé

Tide er ikkje framand for tanken.

— Meir lokalmat er gjerne ingen dum idé, og me skal ta Smørås sitt forslag til etterretning. Men me må vurdera kor mykje ekstraarbeid det vil gi, seier Thomas Eidebakken, som er driftssjef i cateringdivisjonen i Tide Sjø AS.

Han understrekar at dei serverer heimelaga sveler på enkelte strekningar med lang reisetid.

I kiosken har det danna seg ein liten kø av ferjereisande. Det kling i kassaapparatet. Grillpølser, is og kaffi. Ei kvinne sit stille i eit hjørne og les Dagbladet.

Fjord1 er heller ikkje avvisande til Kjetil Smørås sitt forslag.

— Me diskuterer frå tid til anna om me skal tilby meir lokalmat, men me føler at dagens utval fungerer for dei fleste kundane våre, seier Oscar Bergheim, som er driftssjef i ferjedivisjonen i Fjord1 Fylkesbaatane.

Han legg til at dei prøver å tilby heimelaga sveler på alle ferjene sine, samt at dei har kjøttkaker og raspeballar på dei store ferjestrekningane.

Tilbake på ferja har Kjetil Smørås spasert opp på dekk. Vinden blæs friskt. Djup fjord omkransa av majestetiske fjell. Vakkert. Men Vestlandet kan ikkje leva av naturen åleine, ifølgje Kjetil.

— Naturen har me, men me har gløymt at det me byggjer må stå i stil. Langs heile Vestlandet er estetikken blitt forsømt, seier han.

Å få lokale kunstnarar til å utsmykka ferjene er eit av hans forslag.

— Det er på tide at me byrjar å sjå på ferja som noko meir enn eit transportmiddel, seier han og skular utover fjorden.

PØLSER OG CALZONE: Kjetil Smørås, som er hotelldirektør og styreleiar i Fjord Norge, finn ikkje mykje tradisjonsmat i ferjekiosken. Dei serverer italiensk pizza, men dessverre ingenting som er produsert lokalt, seier han.
Silje Katrine Robinson
STORSATSING: Reklameskilt for kyllinggrill heng i hopetal på MF «Rosendal» i Hardanger.
Silje Katrine Robinson
EIGENSMURT: Evelyn Rykkje i kiosken på MF «Rosendal» serverer ikkje berre ferdigmat. Baguettane og rundstykka smør eg sjølv, seier ho.
Silje Katrine Robinson
MAT UNDER DEKK: På dei gamle ferjene er kiosken plassert under bildekket. Kiosken må jo definitivt liggja over dekk, slik at gjestene kan nyta utsikta, seier Kjetil Smørås.
Silje Katrine Robinson
NYT UTSIKTA FRÅ DEKK: Tyske Michael Wenzel og Ina Helmers er på sin tredje noregsferie. Maten er dyr her, så me har med oss det meste frå Tyskland, seier Ina.
Silje Katrine Robinson