• TØFF BEHANDLING: For å vere på den sikre sida måtte Cicilie S. Andersen (21) gjennom 12 harde cellegiftkurar, etter ho fekk diagnosen lymfekreft i fjor vår. No vonar ho forsking kan gjere at ein i framtida kan bruke medisin som treff betre den enkelte krefttypen, og gjev færre biverknader. FOTO: Roar Christiansen

Drøymer om betre kur for kreft

Etter at kreftsvulstane var borte var Cicilie S. Andersen (21) berre ein tredel gjennom cellegiftkuren. No samlar ho inn pengar for meir treffsikker kreftbehandling.