Ein ni år gammal gut frå Sagvåg omkom då han blei påkøyrt av ein drosjebil ved Stord lufthamn 14. juni 2000.

Niåringen sykla saman med to kameratar langs flyplassvegen då han brått skal ha svinga ut i vegbanen og støytte saman med drosjen.

Før avsluttande prosedyrar i rettssaka i dag, skal blant andre ein representant frå Statens vegvesen uttala seg om fart og bremsespor i samband med ulukka. I går blei det ført tre vitne, i tillegg hadde retten synfaring på ulukkesstaden.

Dei to gutane som var i følgje med niåringen då ulukka skjedd, blir ikkje førte som vitne. Advokat Kjell Steinsbø forsvarar den 30 år gamle sjåføren.