Droppar pause for å halda ruta
Bussruta til Sverre Solheim er så travel at han av og til må køyra sju timar utan å eta.
AV: ole rasmus sælthun , kjartan t. melheim
Les også:
- Dette har vorte ein utriveleg arbeidsplass. Eg får ikkje tid til å vaska meg ei gong, seier bussjåfør Solheim og held fram hendene når me set oss på rute 60 på Møhlenpris.
Ruter og trafikk i utakt
Solheim har køyrd buss i Bergen i 38 år. Dei siste åra vil han hugsa som dei klart dårlegaste.
- Det vert sagt at me må ta pausar, men i praksis kan me jo ikkje det. Då vil det gå ut over både neste sjåfør som kjem og passasjerane.
Solheim prøver å avgrensa forseinkingane som vert gjennom dagen ved å ta av kviletida. Dette har utvikla seg dei siste åra fordi rutene ikkje vert endra i takt med trafikkbiletet, meiner den erfarne sjåføren.
Les også: - Vi vurderer rutene årleg
- Eg har prøvd å ta det opp med ruteplanleggjarane, men ikkje fått gehør. Så det har eg gjeve fullstendig opp.
Stramme ruter gjer også at passasjerane får urealistiske forventingar til sjåførane, påpeiker Solheim.
- Nye studentar kan til dømes snakka om å koma seg frå Nesttun til sentrum på 17 minuttar fordi det står i rutene. Det går jo på ingen måte.
Går av på dagen
Føreskriftene for køyre- og kviletid omfattar ikkje formelt ruter som er kortare enn 50 kilometer.
- Køyrde eg Kystbussen rett fram langs europavegen, hadde føreskriftene gjaldt for meg. I ein by med lyskryss og fotgjengarar over alt, gjeld dei ikkje. Ofte orkar eg ingenting når eg kjem heim for dagen.
Solheim er 58 år og gler seg til pensjonisttilværet.
- Dei må verkeleg ikkje rota med AFP-ordninga. Eg kjem til å gå av på dagen.
Likevel tek han roleg og smilande mot pengar frå nye passasjerar i Nordahl Bruns gate. Bussen ventar tre-fire minuttar før han må vidare.
- Dette kan vera einaste pausen eg har i løpet av dagen. No må eg skunda meg vidare til Bønes senter.
Synspunkter på saken? Si din mening her!
Les også
Siste fra Lokalt
Relaterte bilder
LITE PAUSAR: Dei siste åra har rutene vorte så stramme at bussjåfør Sverre Solheim (58) knapt har tid å ta pausar i løpet av dagen. Her tek han i mot nye passasjerar i Nordahl Bruns gate. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON