— Dette har vorte ein utriveleg arbeidsplass. Eg får ikkje tid til å vaska meg ei gong, seier bussjåfør Solheim og held fram hendene når me set oss på rute 60 på Møhlenpris.

Ruter og trafikk i utakt

Solheim har køyrd buss i Bergen i 38 år. Dei siste åra vil han hugsa som dei klart dårlegaste.

— Det vert sagt at me må ta pausar, men i praksis kan me jo ikkje det. Då vil det gå ut over både neste sjåfør som kjem og passasjerane.

Solheim prøver å avgrensa forseinkingane som vert gjennom dagen ved å ta av kviletida. Dette har utvikla seg dei siste åra fordi rutene ikkje vert endra i takt med trafikkbiletet, meiner den erfarne sjåføren.

Les også: - Vi vurderer rutene årleg

— Eg har prøvd å ta det opp med ruteplanleggjarane, men ikkje fått gehør. Så det har eg gjeve fullstendig opp.

Stramme ruter gjer også at passasjerane får urealistiske forventingar til sjåførane, påpeiker Solheim.

— Nye studentar kan til dømes snakka om å koma seg frå Nesttun til sentrum på 17 minuttar fordi det står i rutene. Det går jo på ingen måte.

Går av på dagen

Føreskriftene for køyre- og kviletid omfattar ikkje formelt ruter som er kortare enn 50 kilometer.

— Køyrde eg Kystbussen rett fram langs europavegen, hadde føreskriftene gjaldt for meg. I ein by med lyskryss og fotgjengarar over alt, gjeld dei ikkje. Ofte orkar eg ingenting når eg kjem heim for dagen.

Solheim er 58 år og gler seg til pensjonisttilværet.

— Dei må verkeleg ikkje rota med AFP-ordninga. Eg kjem til å gå av på dagen.

Likevel tek han roleg og smilande mot pengar frå nye passasjerar i Nordahl Bruns gate. Bussen ventar tre-fire minuttar før han må vidare.

— Dette kan vera einaste pausen eg har i løpet av dagen. No må eg skunda meg vidare til Bønes senter.

Synspunkter på saken? Si din mening her!

LITE PAUSAR: Dei siste åra har rutene vorte så stramme at bussjåfør Sverre Solheim (58) knapt har tid å ta pausar i løpet av dagen. Her tek han i mot nye passasjerar i Nordahl Bruns gate. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON