Parkeringsplassane skulle plasserast under Hestavangen, tverrgata frå Vangsgata som kryssar Uttrågata (E16) og mellom anna har drosjesentral på midtrabatten.

Styret for parkeringsselskapet meiner at kostnadane er ei for stor utfordring. Dei vil heller kjøpa Vangsgarasjane for å riva dei, og laga 36 parkeringsplassar på gateplan. Garasjebygget med næringslokale i andre høgda ligg langs jernbanelina i bakgata parallelt med Vangsgata. Eigaren har lansert ein ide om å bygga eit parkeringshus på tre høgder her, men det bli om lag like dyrt som å gå under jorda på Hestavangen, og dermed like risikabelt.

Parkeringsselskapet sitt styrevedtak er gjort med fire mot ei røyst, fordi ein av handelsstanden sine to styremedlemer vart kjend ugild, og ein kommunevald varamedlem overtok plassen. Saka illustrerer nok ein gong usemje mellom dei folkevalde og næringsdrivande på Vangen om disponering av gatearealet. Denne gongen vart det også ein disputt om kven av varamedlemene som skal overta når ein styremedlem går ut.

Kommunen sitt opphavelege framlegg var ein fjellhall med noko lengre gangavstand til butikkane.