— No treng me ikkje reisa heilt til Stord for å gå på kino. Omsider, seier bømlojenta Lisa Marie S. Rolfsnes (14). Saman med venninnene i Sunnhordland kammerorkester sit ho og ventar i foajeen. Dei skal øva til den store opningsfesten seinare på kvelden.

— Me treng ein samlingsstad, seier Terese Hope (13).

— De har jo hatt bedehuset, flirer Margrete Zahl Pettersen frå Stord.

— Nei, nei, det er ikkje der me er oftast. Me samlast gjerne heime hos folk, protesterer Lisa Marie og Terese.

- Ikkje kommunal oppgåve

Ungjentene var ikkje ein gong påtenkt, då draumen om eit kulturhus på Svortland blei fødd. Heilt sidan 1980-talet har det vore eit sterkt ønskje om eit eige kulturhus i den blømande kulturkommunen, kjend for blant anna Mostraspelet og Les Misérables.

Laurdag gjekk flagga endeleg til topps, og festkledde bømlingar strøymde til kulturhuset, som har kosta 55 millionar kroner og er 3600 kvadratmeter stort.

— Kultur blir av enkelte sett på som ei ikkjekommunal kjerneoppgåve som går ut over satsinga innan eldreomsorg og skule. Bømlo er kjent for eit rikt og allsidig kulturliv basert på friviljug innsats og dugnad. Tida var no moden for at me i Bømlo óg måtte prioritera dette området høgare, seier ordførar Inge Reidar Kallevåg.

Fem kulturhus

Frå øvingsromma strøymde det ut fiolinspel og hornmusikk, medan fleire barn spelte biljard i fritidsklubben.

— Det er kjekt. Her kan me sjå filmar og spela biljard, seier 12 år gamle Tommy Gjerdeholme.

Stemninga var også fin i litlesalen, der blant andre forfattar Solfrid Sivertsen sjarmerte med oppvekstskildringar frå Bømlo.

Dei siste to åra er det blitt investert 175 millionar kroner i heile fem kultur- og allbrukshus på Bømlo. Rubbhallen på Rubbestadneset og Langevåg Bygdatun på Søre Bømlo er berre nokre av storsatsingane.

ØVER TIL FESTEN: Terese Hope (13) og Lisa Marie S. Rolfsnes (14) i Sunnhordland kammerorkester finstemte bogen før opninga av Bømlo kulturhus.
Lena Vermedal