FpU-politikar Erlend Bøe blei drapstruga etter at han i lokalavisa annonserte at han ville møte opp under eit fakkeltog til støtte for Palestina, med eit israelsk flagg. Saman med andre Israel-vener ville han stå på fortauet medan fakkeltoget gjekk forbi i heimbyen Florø.

Etter dette utspelet fekk han ei anonym melding på nettsamfunnet Nettby, der han i klare ordelag blei truga på livet.

Får tilbod om valdsalarm

Politiet tar drapstrugsmålet alvorleg, og har vurdert sikkerheitsmessige tiltak for 16-åringen.

– Han vil få tilbod om valdsalarm, stadfestar politistasjonssjef Nils Erik Eggen i Flora.

Politiet arbeider med å spore opp personen som står bak trugsmålet, og har mellom anna sendt ei anmodning Nettby om å få innsyn i nettsamfunnet.

– I utgangspunktet tek vi alltid slike trugsmål alvorleg, sjølv om dei yttarst sjeldan blir noko av, seier Eggen.

Bøe, som er fylkesformann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Sogn og Fjordane, vart skremt av trugsmålet.

– Eg blei utruleg redd, og kvir meg for å gå ut. Personen har til og med truga heile familien min, sa Bøe til bt.no i går.

Vågar ikkje gå ut

debattprogrammet I kveld på NRK2 i går sa han at han likevel ønskte å vifte med Israel-flagg under fakkeltoget til støtte for palestinarane. Men i dag har han bestemt seg for å avlyse den planlagde markeringa.

– Når ikkje politiet har funne ut av noko endå, så må eg berre halde meg roleg. Eg ønskjer å vere ein handlekraftig politikar, men eg håper folk forstår at eg må tenkje på tryggleiken min. Eg er faktisk redd for mitt eige liv om eg møter opp.

Etter at han stilte opp i debattprogrammet på NRK2, har reaksjonane stått i kø.

Fått hundre telefonar

– Eg har fått om lag hundre telefonar og mange, mange meldingar og e-postar. Det er både folk som er kritiske, men også andre som seier at eg ikkje må la meg knekke. Det gjer eg ikkje heller, seier Bøe, og takkar for støtteerklæringane.

Dei fleste av telefonane har likevel vore frå kritiske røyster.

– Mange er sinte, og spør om eg ikkje forstår at dette provoserer, og om eg er heilt idiot.

Sjølv forstår han ikkje kritikken.

– Eg synst det er litt merkeleg at folk reagerer på at eg hadde tenkt å møte opp med eit Israel-flagg, heilt roleg. Det var ikkje snakk om å skrike til palestinarar, skriv Bøe i ei pressemelding.

Ungdomspolitikaren er oppteken av å forsvare ytringsfridomen sin.

– I trugsmålet blei eg bedt om å halde meg i ro, men i staden gjekk eg til avisa. Eg forventer at folk skal respektere mine meiningar.

Politistasjonssjefen i Florø frykter ikkje for Oslo-liknande tilstandar under aksjonen i kveld, men seier at politiet har auka merksemd på arrangementet.

PRIVAT