Selskapet Kuba AS var ein av dei store aktørane på den private barnevernsmarknaden i Hordaland i fjor. Fylkeskommunen brukte 11,6 millionar kroner på å kjøpe plassar for ungdom med store personlege problem, før selskapet gjekk over ende med eit brak rett før jul.

For å forhindre ei krise der 14 ungdommar stod utan ein stad å bu, tok fylkeskommunen over heile det opplegget Kuba hadde stått bak. Fleire tilsette frå Kuba gjekk over på fylkeskommunens lønningslister, og familiane som hadde ungdom buande hos seg inngjekk ei førebels avtale med fylket.

— Må ha hatt gode marginar

No går barneverndirektør Arne Andersen og fylkesrådmann Paul M. Nilsen inn for å ta over opplegget på permanent basis. Etter eit halvt års prøvedrift er erfaringane gode - ikkje minst økonomisk: Overtakinga vil føre til innsparingar på mellom tre og fem millionar kroner i året.

Fylkeskommunen betalte opp til 3000 kroner i døgnet per ungdom i Kuba-systemet. Sjølve reknar dei med å få utgifter på mellom 1000 og 1200 kroner i døgnet. Då er det rekna inn fem og ei halv nye stillingar: Fire miljøterapeutar, ein førstekonsulent og ein førstesekretær i halv jobb.

— Fortenestemarginane i Kuba AS må ha vore store, eg har inga anna forklaring på dei store innsparingane vi vil få, seier barneverndirektør Arne Andersen.

Hadde millioninntekter

Tilsynelatande gjekk ikkje Kuba AS spesielt godt økonomisk, tvert imot: I 2000 var underskotet på 400.000 kroner. Men den tidlegare daglege leiaren, Kjell Didrik Helgesen, visste å ta seg betalt: Han heva 762.000 kroner i lønn, i tillegg til fri bil. Året før, i 1999, vart han likna for ei inntekt på 1,2 millionar kroner.

— Kvifor har fylkeskommunen kjøpt tenester frå eit tiltak som de meiner de kan drive mykje billegare sjølve?

— Det kan du gjerne spørje om. Behovet for barnevernsplassar ha auka sterkt dei siste åra, og det har vore vanskeleg å få pengar til nye stillingar i det offentlege.

— Så då har de brukt pengar på å kjøpe dyrt frå private selskap i staden?

— Ja, det har gjerne vorte gjort slik, seier Andersen.

- For liten kapasitet

Han innrømmer at fylkeskommunen nok kunne hatt betre oversikt over kva dei faktisk får for pengane hos dei private.

— Men også dette krev ressursar. Vi vurderer no om vi skal setje fleire til å gå nøyare igjennom kostnadane med kjøp av private barnevernstenester, seier barneverndirektør Arne Andersen.

Komiteleiar Oddvar Johan Jensen (KrF) i komité for kultur og helse er innstilt på å godta ei offentleg overtaking.

— Vi meiner at prisen ved Kuba AS har vore for høg. Problemet har vore at den offentlege kapaisteten har vore for liten. Difor har det vorte rom for private aktørar, seier Jensen.

OMSTRIDD: Sjefen for Kuba AS heva 762.000 kroner i årslønn i 2000. I tillegg hadde han fri bil. Før jul i fjor sa eit fleirtal av dei tilsette opp etter mykje bråk internt, og heile selskapet gjekk i oppløysing. (Faksimile BT 13.01.02