I eit ufyseleg regnvêr blei Oddekalv og Miljøvernforbundets forskning-, konferanse— og miljøkrigsskip sett på sjøen hos Fjellstrand på Oma i Kvam.

Pomp og prakt var det lite av idet verftet sine erfarne folk plasserte aluminiumkatamaranen på Hardangerfjorden. Kurt Oddekalv lovar meir festivitas når den offisielle dåpen finn stad på Miljøvernforbundets base ved Ludeboden i Bergen i slutten av januar.

Dei neste vekene skal nyttast til innreiing og teknisk utstyring av båten, som får ekkolodd, sonar, miniubåt, helikopterdekk, ein konferansesal med plass til 50 menneske, og som kostar nær 50 millionar kroner.

– Vi er den første miljøorganisasjonen i heile verda som byggjer ein heilt ny båt av denne typen, seier Kurt Oddekalv. Som har henta inn nær 20 millionar sponsorkroner til båtprosjektet.

Synest du me treng ein miljøbåt? Sei meininga di!

OVE A. OLDERKJÆR