Det er dei same soldatane som paraderte så flott i Vangsgata laurdag, med raude jakker, gylte snorer og duskar, og høge, svarte bjørneskinnsluer. Akkurat som i London. I dalføret opp frå Mjølfjell er det feltuniform og stålhjelm dei har på. Snikskyttarane er enda betre kamuflert enn resten. Brått er dei under eld. Og dei svarar med same mynt. Dette er øving med skarpe skot og høg grad av realisme. Berre nedslaga av bombekastargranatar er «fake», utløyst av ein luring i buskene med ledning til førehandsplasserte eksplosivar. Sporlyset viser at kulene frå mitraljøsen oppunder vegen går rett over hovudet på geværlaget i fronten.Tenk om ….— Dei ville ha skote dekningselden endå lågare i tilfelle krig, kommenterer oberstløytnant Oddmund Nygård, sjef for Fjordane Regiment.Javel, skal ein bli skoten, kan ein like god bli skoten av sine eigne, bakfrå.Lysglimt borte i blindgjengarfeltet avslører at gutta med panservernrakettane har skote seg inn. Bang! Rusthaugen av ein liksom-tanks får ein fulltreffar. Den andre raketten går hårfint over.Til neste år, i Canada, går vi eit steg vidare og køyrer denne øvinga i mørkre, seier kompanisjefen entusiastisk til sine undersåttar. Så må dei sverja på at dei ikkje har gøymt unna skarp ammunisjon, ein etter en.- Vi har hatt veldig godt utbytte av denne turen til Noreg, seier bataljonsjefen, oberstløytnant David Maddan til Bergens Tidende.Han er stolt over kor fint karane bar 45 kilos pakning over fjell og dal frå landgangen i Granvin til Brandset nær Stalheim.I Storbritannia har munn- og klovsjuka stengt dei militære ute frå alle brukbare øvingsområde. Øvinga på Voss er gjennomført i sært samspel med veterinærstyresmaktene, og distriktsveterinær Olav Skjelde dukkar stadig opp på arenaen.- Britane er svært samarbeidsvillige, seier han til Bergens Tidende.Kompaniet som tirsdag var på Mjølfjell, skal onsdag læra seg overleving i fjellet utan mat og hus. Dei to neste dagane skal dei ta seg fram til fots frå Kvamskogen til Hamlagrø. Greier dei ikkje å snika seg forbi fienden underbegs, ventar tøffe avhøyr.Men etterpå er det perm i Bergen.

FELTUNIFORM: I dalføret opp frå Mjølfjell er det feltuniform og stålhjelm dei har på.
FOTO: KNUT STRAND