— Eg har høyrt at her i Hyllestad er granatglimmerskifer eit av dei første orda ungane lærer. Eg lærte det ordet først i dag, sa ei spøkefull dronning med referanse til steinsorten i området der kvernsteinar vart hogd ut for eksport til Europa.

Det er først i nyare tid at den enorme aktiviteten med kvernsteinhogging i Hyllestad er avdekka. Frå kring år 700 var dette storindustri i kommunen, og forskarar meiner aktiviteten i si samtid toler samanlikning med dagens olje- og gassproduksjon i Nordsjøen.

Etter at kongeparet hadde fått omvising i parken, la Kong Harald ned krans på minnesteinen over kaptein, og seinare oberstløytnant, Harald Risnes. Hyllestad-mannen er ein av Norges høgast dekorerte krigsheltar, mellom anna var han sjef for legendariske Bjørn West i Matrefjella. I samband med kransenedlgginga helsa også kongen på enkja etter krigshelten, Aslaug Risnes.

Frå Hyllestad drog kongeparet vidare til Eivindvik. Kongebesøket i Gulen i ettermiddag markerer avslutninga på det tre dagar lange besøket i Sogn.

MØTTE ASLAUG: Kongeparet møtte Aslaug Risnes, enke etter oberstløytnant Harald Risnes, i Hyllestad i dag. FOTO: SCANPIX