Nøyaktig ti år etter at dronning Sonja og dronning Noor av Jordan var til stades under opninga av den høgst internasjonale skulen, er dronning Sonja attende for å vere med på jubileumsmarkeringa.

Verdsgymnaset i Fjaler har elevar frå 80 nasjonar verda over, og dronninga har vitja skulen fleire gonger.

Tiårsjubileet vert markert med mellom anna eit stort kulturprogram i auditoriet på skulen. Kring 250 gjester, i tillegg til dei 200 elevane ved skulen, er invitert.

I tillegg til dronning Sonja er også utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson, kultur— og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland og fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen på plass.

VELKOMMEN! Dronning Sonja tas imot av styreleder i UWC, Einar Steensnæs.
TERJE ULVEDAL
TERJE ULVEDAL (mms)