— Kan du sjå inn i kameraet litt?

Agnes Henriksen frå Halden er litt småforvirra, men gjer som fotografen frå NRK Østfold ber om. Forsiktig vrir ho andletet mot kameraet, medan ho tar eit fast tak rundt rullestolen ho triller framfor seg.

— Berre følg oss, så går dette bra, seier Kjell Gaulin, og med pressekorpset på slep spaserer dei inn i den tettpakka avgangshallen på Gardermoen.

Det er Kjell og kona Kari som spanderer flytur og hotellopphald i Bergen på Agnes. Kjell er prest i pinsekyrkjelyden Sion Ingedal i Halden, der Agnes har gått på eldretreff dei siste åra. Ein dag spurde dei om det var noko ho ikkje hadde fått gjort i livet, som ho gjerne ville. Å fly jetfly og bu på hotell hadde ho lyst til, og slik blei det.

Klart seg sjølv

Det pip idet Agnes blir trilla gjennom sikkerheitskontrollen. Ho blir beden om å ta av seg skoa, men forstår ikkje heilt kvifor.

— Det er for at alle skal kjenna seg trygge, forklarer Kjell.

Agnes slår seg til ro med det, og snart har dei passert kontrollen.

Ho er fødd i Sverige, men flytta til Tistedal i Halden då ho var eitt år gamal. Dei 102 siste åra har ho budd her. Berre dei fire siste vekene har ho budd på aldersheim.

— Ho har gjort så mykje for så mange, og kravd så lite. For ein gongs skuld er det ho som får noko, seier Kjell.

— Er det det flyet der? spør Agnes og peikar ut vindauget.

Fotografen frå Halden Arbeiderblad ligg og kryp rundt henne, for å sikra seg eit blinkskot. Ein vakt kjem og gir beskjed om at Agnes skal få vera førstemann om bord.

Halvvegs ned gangvegen kjem Kanal 24 springande.

— Hva føler du nå? spør reporteren.

— Alt er eigentleg så bra som det kan bli, svarer Agnes avbalansert.

Heile mannskapet om bord på Borgny Viking står klare ved inngangspartiet.

— Det er me som skal fly deg til Bergen, seier kapteinen, og gir Agnes ein stor blomebukett, samt eit modellfly av Borgny.

— Tusen takk alle saman. De gjer det så hyggeleg for meg, seier Agnes overvelda i blitsregnet.

Gud passar på

Ikkje lenge etter sit ho på plass 14 A og kikkar nysgjerrig rundt seg.

— Det er heilt utruleg at det går an å fly opp i lufta utan å falla ned, seier Agnes til Kari ved sida av seg.

— Men så er det jo også eit under at jorda er rund og kan halda på havet, legg ho til.

Agnes er ikkje det minste redd.

— Eg er trygg i Guds hand, han passar på meg heile tida. Men at eg skulle vera så roleg som dette hadde eg ikkje trudd på førehand, understrekar ho.

— Er du ikkje sliten, heller? spør Kari.

— Nei, eg har jo ikkje gjort noko. Eg blir berre køyrt rundt, eg, svarer Agnes.

Brått blir det mørkt i kabinen, og motoren kjem i gang. Snart er kapteinen si stemme å høyra over høgtalarane.

— Me vil gjerne ønskja Agnes Henriksen spesielt velkomen. Ho er godt over hundre år, og flyr for første gong i dag. Det står det respekt av, seier kapteinen.

— Høyrde du at kapteinen helste til deg? spør Kari etterpå.

— Å, ja, kjem det kjapt frå ei stolt Agnes.

Flyet køyrer roleg bortover rullebanen. Agnes sit og ser ut vindauget med store augo.

— Det blir vel første og siste gong for meg dette her, seier ho.

— Men du må jo fly heim igjen i morgon, seier Kari.

— Ja, det er sant, seier Agnes og smiler.

Snart dundrar motoren i øyra. Flyet tek springfart og hoppar opp på himmelen. Agnes sitt blikk blir større og større.

— Me flyg vel snart over skyene no?

Paradis neste

35 småturbulente minutt seinare går Borgny inn for landing på Flesland.

— Ja, då var det gjort, er Agnes sin første kommentar.

— Neste gong reiser me til Syden, spøker Kari.

— Nei, neste gong skal eg høgare opp. Eg håpar me møtest igjen der alle saman, der me skal vera for alltid, seier Agnes.

Litt etter sit ho i bilen på veg til Clarion Hotel Admiral. Bergen har funne fram sola til ære for Agnes.

— Det er hyggeleg at det er opphaldsvêr. Folk seier jo at det alltid regnar her.

Vel inne på hotellrommet kan Agnes endeleg slappa av litt etter alt oppstyret. Men BT-fotografen er der framleis, og prøver å foreviga henne på best mogleg vis.

— Det må vera noko rart han held på med, er Agnes sin konklusjon.

— For kva er det som er spesielt med meg? Eg er ikkje dronning heller, seier ho.

JOMFRUTUR: Agnes Henriksen flyr for første gong i sitt 103, 5 år gamle liv. - Sjå no er me over skyene, seier Kari Gaulin, som er med henne på turen. PAUL SIGVE AMUNDSEN (foto)

VARM VELKOMST: Agnes blei møtt av heile mannskapet om bord på SAS Braathens sitt fly frå Oslo til Bergen. - Eg kjem ikkje til å få sova i natt, eg kjem berre til å liggja å gjenoppleva dagen, seier Agnes. PAUL SIGVE AMUNDSEN (foto)

HOTELLHYGGE: Agnes, Kari og Kjell bur på Clarion Hotel Admiral medan dei er i byen. Målet er å få med seg ein tur med Fløibanen før dei reiser tilbake til Halden. PAUL SIGVE AMUNDSEN (foto)

Amundsen, Paul S.
Amundsen, Paul S.
Amundsen, Paul S.