I strålande sommarvêr kom dronninga til byen som fyller 150 år, i går kveld. Ho har overnatta på kongeskipet som ligg ankra opp på hamna.

For kort tid sidan førte ein sjalupp dronninga inn til flytebryggja i hamna der ho blei møtt av ordførar Bente Frøyen Steindal. Akkurat no er ho på ein rundtur med båt i Florabassenget.

Klokka 12 i dag startar ein folkefest på torget i Florø sentrum der musikk, song og dans framført av barn og unge er hovudingrediensen. Mellom anna skal meir enn 800 elevar frå barneskulane i kommunen framføre to Florø-songar.

Til kulturfesten i sentrum skal dronning køyre i kortesje frå Kystmuseet.

Etter folkefesten blir det lunsj på Quality hotell Florø før dronning Sonja skal innom eldresenteret Havglytt. Vitjinga i jubileumsbyen blir avslutta med eit besøk til oljebasen på Botnaneset.

Florø fekk bystatus i 1860. Jubileet har vore feira gjennom heile året.