KJERSTI MJØR

I går kom meldinga om at kongeparets planlagde besøk i Hordaland 20.-22. juni er utsett på ubestemt tid, fordi kongen er sjuk. Det blir ikkje aktuelt for kongeparet å avvikle fylkesturen i år.

Men dronning Sonja kjem som planlagd til hundreårsfesten i Hardanger fredag 22. april. I klyngjetunet Reiseter oppunder Folgefonna skal dronninga opne Streif, som er landbruket si hundreårsmarkering for unionsoppløysinga.

No er programmet for festdagen klart, og både Herborg Kråkevik og statsråd Lars Sponheim legg turen innom Ullensvang denne dagen. Men arrangørane håpar at langt fleire valfartar til hundreårsfesten i Hardanger.

— Vi håpar iallfall på 1500 gjester. Men det er plass til mange fleire, forsikrar ein av prosjektleiarane hjå Fylkesmannen, Dirk Kohlmann Tvedt.

Herborg varmar opp

Tunet på Reiseter skal myldre av folk, og aktivitetar denne dagen. Det blir spelemannslag og leikarring, og folk kan vere med på ølbrygging, flatbrødbakst og gå på utstillingar.

Sider er sjølvsagt, og gjestene får smaksprøvar på andre lokale nisjeprodukt og på den nye Hardangermenyen, som blir lansert denne dagen. Hakkasteik er ein gammal kjenning som blir servert i ny innpakking - som tapas.

Herborg Kråkevik held konsert på hundreårsscena - og det gjer ho to timar før dronninga kjem klokka 13.

— Vi kan ikkje ha to dronninger samstundes, ler Tvedt.

Men den eigentlege forklaringa er at arrangørane vil sikre seg at folk ikkje kjem i siste liten, og lagar kaos.

Dronning i tunet

Den store hit'en i Hardanger i vår kan bli «Dronning Sonja stend i tunet». For ho skal innom ikkje mindre enn ti-femten tun i Vikebygd på si vandring frå fjell til fjord om knappe tre veker.

Det kongelege følgjet skal vandre nedover Streif-løypa til fjorden, gjennom frukthagar og beitemark, åker og på attgrodde stiar. Liv Eirill Evensen har komponert eit bestillingsverk til vandringa frå Reiseter til Nå, og i dei forskjellige tuna blir det blanding av både tradisjonelle og moderne klangar.

— No går vi berre og ventar på at snøen skal forsvinne, slik at vi kan «shaine» opp. Det blir full fart framover, seier den lokale prosjektleiaren Arnhild Bleie.

Seinare på dagen skal dronning Sonja plante vossakvann i Agatunet, og ta den gamle fjordabåten MS Granvin til Lofthus, der det blir nasjonal festkveld. Blant deltakarane er komponist Knut Vaage, fiolinst Henning Kraggerud, artist Heidi Marie Vestrheim og «Trio i ein fjord».

Trur på vår

Også utanlandske journalistar er venta til Hardanger, men den verdskjende fruktbløminga går dei glipp av.

— Det er i tidlegaste laget. Hovudbløminga er vanlegvis frå 10. -15. mai, og varer til litt uti juni, seier Lars Sekse, som er forskingssjef og dagleg leiar ved Planteforsk Ullensvang.

Men arrangørane er som «vesle lerka».

— Vi trur på tidleg vår. Det har Fylkesmannen avtalt med Gud, ler Tvedt.