Os held fram den imponerande seriestarten sin då dei slo Viking sitt andrelag i går. Sist helg imponerte Os alle då dei slo Fløy 3-0 i Kristiansand.

– Dette var utruleg deilig, seier Øyvind Nordtveit.

Etter ein sterk førsteomgang av Os, tok laget fortent leiinga like før pause då Geir Andre Bøyum elegant sette ballen i lengste hjørne åleine med Viking-keeper Arild Østbø. Men gleda varte berre i to minutt, for rett før dommaren skulle senda laga inn i garderoben til pause, utlikna tidlegare Åsane-spelar Gojko Ivkovic då han reiv seg laus frå forsvaret og heada inn ein dødball.

Ukonsentrert

– Me sette linja, men plutseleg var han åleine og fekk heada i mål. Me var rett og slett litt ukonsentrerte, seier ein av Os sine beste spelarar i går, midtstoppar Erlend Grønner.

Andre omgang starta like spennande som den første slutta. Nesten det første som skjedde etter pause var at Os fekk straffespark, men veteranspissen Tim Henrik Sperrevik bomma. Det kunne ha vorte skjebnesvangert, for like etter skulle kanskje Vikings talentfulle spiss Tommy Høiland hatt straffe då han gjekk i bakken etter ein duell med Os-midtstoppar Einar Algrøy. Men dommaren blåste i staden for hands på Høiland.

– Det var heilt uforståeleg, me skulle hatt straffe. Høiland hadde hendene heilt inntil kroppen, meiner Viking 2-trenar Gunnar Halle.

Erlend Grønner, som såg det heile frå få meters avstand er ikkje einig.

– Det var hands, og Høiland heiv seg lett, meiner han.

Meir musklar

Utover i andre omgang var kampen jamn, men Os hadde meir musklar og rutine enn unggutane frå Stavanger, og avgjerda kom då Bjarte Haugsdal tråkla seg igjennom på venstrekanten og til slutt fekk ballen i mål til 2-1.

– Dette var ein nervepirrande kamp, for bana var veldig ujamn, og plutseleg kunne ein tilfeldigheit gjort at me tapte kampen i staden for at me avgjorde han til vår fordel, seier Øyvind Nordtveit. Han er veldig nøgd med at Os har seks poeng på to kampar, og toppar tabellen saman med Stavanger.

– Men det er tidleg i sesongen enno, me veit meir om korleis me ligg an når tabellen set seg litt meir etter fem-seks kampar, meiner Nordtveit.