Forkjemparane for sjukehuset i Lærdal har ikkje gitt opp kampen, sjølv om styret i Helse Vest i går gjorde eit vedtak som fører til kraftige kutt i ortopediklinikken. At styret blei delt, seks mot to stemmer, kan gjere det enklare for Sylvia Brustad å nytte seg av retten ho har til å gjere om vedtaket.

Etter det Bergens Tidende kjenner til er stortingsrepresentant Ingrid Heggø mellom dei som i dag skal møte helseminister Sylvia Brustad. På dagsorden står både den konkrete saka frå Indre Sogn og den generelt svært vanskelege situasjonen for Helse Førde og Helse Vest.

Lærdal kommunestyre og Sogn og Fjordane Ap har også fått gjennomslag for å møte statsminister Jens Stoltenberg. Men møtet er ikkje tidfesta.

Omsynet til lokalsjukehuset og frykta for konsekvensane av at ortopedien blir lagt ned, gjorde at styremedlemene Magnar Lussand og Kari Oftedal Lima gjekk mot å stille seg bak vedtaket frå styret i Helse Førde.

— Det skal veldig mykje for at vi skal overprøve eit lokalt helseføretak. Men av og til vil slike saker kome. Denne har vi fått utan å be om det, sa Lussand med klar adresse til at Helsedepartementet instruerte Helse Vest om å ta opp saka. Han meinte vedtaket kunne få følgjer ingen har oversyn over.

— Får det konsekvensar for kirurgien, kan det i neste omgang gå utover fødetenestene. Frå nasjonalt hald har vi klare signal om å stå vakt om lokalsjukehusa, sa Lussand.